Eg er lei meg fordi Kvinnherad kommune har gjort det slik at svakarestilte personar og deira pårørande, må gå i front for å vise allmenta korleis dei blir behandla når det gjeld dei livsnaudsynte levekåra deira i vår kommune. Eg tenkjer då m.a. på oppslaget i Kvinnheringen 26.09.18, der brukarar og pårørande fortel om forholda ved leige av kommunal bustad.

Det burde vore heilt unødvendig å utsetja medmenneska våre for dette! Kommunen har sjølv hatt denne kunnskapen heile tida, men har likevel valt å gå fram på den måten som er gjort; setja svært høge husleiger på særs dårlege bustadar, til personar som kommunen veit er vanskelegstilte på fleire område, m.a. ved låg inntekt.


Låg inntekt

Eg las i nemnde innlegg i Kvinnheringen, at personar med 2,5 G kan ha ca 20.000 i inntekt. Det er rett at nokre har denne inntekta – dei som har trygde-satsen «ung-ufør». Men der er mange vanskelegstilte som har ei endå lågare inntekt. Personar som har «vanleg» uføre, pensjon eller arbeidsavklaringspengar. Desse har utbetalt trygd med kr 14.-16.000 per månad.


Sjølvstendig rettsleg dokument

Ein husleigekontrakt er ein avtale mellom to partar. Dvs. kommunen og den einskilde leigetakar. Det er ikkje ein avtale mellom ein part og ei gruppe personar. Kvart husvære og forhold kring dette, skal såleis vurderast spesifikt. Men slik har kommunen diverre ikkje handsama saka om regulering til gjengs leige. I eit møte med tidlegare rådmann i august månad i år, sa han at kommunen ikkje hadde kapasitet til å sjekke standarden i alle husværa.


Standard i det einskilde husværet

I Kvinnheringen stadfestar bustadforvaltar dette som tidlegare rådmann opplyste om. Bustadforvaltar seier «men eg skal ikkje seia sikkert at vi har vore i alle leiligheitene der vi har auka leiga». Bustadforvaltar fortel elles at standarden i nokre husvære vert sjekka av driftsoperatørane, når dei har vedlikehaldsoppdrag der. Korleis sjekkar driftsoperatørane – med «eit blikk» rundt i husværet, eller ved å føra ei liste over viktige punkt som høyrer med når ein undersøkjer standard på eit husvære? Eg ville gjerne sett det eventuelle dokumentet som viser korleis driftsoperatøren vurderer standarden i dei einskilde husværa. Om der er eit slikt dokument, kan avisa få dette og trykka det slik at allmenta får sjå korleis det skjer?

I 2010 gjorde kommunestyret eit ulovleg vedtak, då dei auka husleigeprisane «flatt» 10 %. Då eg fann ut at dette var ulovleg, var eg i kontakt med eit lokalt advokatfirma. Dei stadfesta sjølvsagt ulovlegheita, og vedtaket blei stoppa. Advokatfirmaet skreiv m.a. også at det «mest truleg ikkje vil vera i samsvar med lova om prisauken for nokre bustadar «subsidierer» andre.» Er dette lovbrotet også noko av det kommunen er i ferd med å gjera no ?


Nye leigeforhold – flyttingar til anna kommunalt husvære

I kontakten med det lokale advokatfirmaet og i kontakten med Husleigetvistutvalet, var dette første gong kommunen fekk høyra omgrepet «gjengs leige. Men sjølv om vi no har hatt denne kunnskapen i mange år, blandar kommunen fortsatt omgrepa gjengs leige og marknadsleige. Dette er to forskjellige ting, men kommunen held likevel fram med å bruke dei om ein annan. Denne samanblandinga er også påpeika til kommunen av Deloitte. Og OBS – det var gjengs leige det vart gjort vedtak om i kommunestyret i 2016.

Men bustadforvaltninga har også sett opp marknadsleiga (leigeprisen ved ny-utleige og fornying av leigekontrakt). Men utan at kommunen har kompensert denne auken, ved å yta kommunal bustøtte til dei som er under fattigdomsgrensa.
I april sa dåverande rådmann til meg, at kommunen jobba med å finna ut kven det er som dei to siste åra har fått for høg husleige. I eit møte med Øvregård i august, sa han det same – at dei enno ikkje hadde funne ut av dette.

Eg spør då; kor vanskeleg kan det vera? Om ein ser på kven ein har skrive nye kontraktar med i løpet av desse to åra, og kva inntekt dei har (den står på bustad-søknaden) – så har ein svaret. Ein kan ikkje forventa at dei som er vanskelegstilte skal vita «kva kommunen tenkjer», og såleis setja fram krav om tilbakebetaling av for mykje betalt husleige. Nei, her også er det kommunen som har ansvaret. Kvifor gjer de det ikkje ?


Sosialfagleg fokus manglar

Eg ser at eit sosialfagleg fokus manglar i kommunen si bustadforvaltning, at det er inntening som gjeld – å ta den høgast mogelege husleiga frå dei vanskelegstilte. Eg torer her minna om overskrifta på kapittelet i Husleigelova – det som styrer både fastsetjing og regulering av husleigene – at dette kapittelet heiter LeieprisVERN. Det vil seia at leigetakar har eit sterkt vern i lovverket, og det å setja for høg husleige – det er ulovleg, står det i Husleigelova!

Kva samfunn er det vi eigentleg vil ha i Kvinnherad ? Er ikkje det å ta vare på dei som treng bistand den viktigaste oppgåva både innbyggjarar og kommuneforvaltninga har – og skal ikkje dette bli ivareteke av alle avdelingar i kommunen ?


Økonomi for kommunen

Utsegner frå bustadforvaltninga viser at ein ikkje ser kommunen sin økonomi i ein samanheng. Bustadforvaltninga ønskjer høge husleiger for å kunna ha eit ok rekneskap for si avdeling. Når eg i avisa ser at bustadforvaltar synest det er heilt rett om leigetakarar i bufellesskapa flyttar ut og kjøper eigne bustadar, då lurer eg på korleis han tenkjer om kva hjelp kvar av desse då vil koma til å få bruk for – 4 til 8 personelege assistentar til kvar? Kva vil dette då ha å seia for Pleie- og omsorgsbudsjettet? Og kva med fellesskapet brukarane flyttar frå – det å høyra til ein plass saman med andre, det veit vi er helsefremjande.

Vidare er det planlagt at den auka husleiga skal dekkast inn ved kommunal bustøtte frå sosialtenesta, og då går jo den vinninga også opp i spinninga for kommunen som heilskap.
I tillegg så har denne saka skapt eit stort byråkrati for sosialtenesta, med nye retningslinjer som skal forvaltast, søknadar, innhenting av informasjon, vurdering av rettar, skriving og oppfølging av vedtak, kontroll og utbetaling av ytingar med meir. Samt at svært mange av dei aktuelle brukarane treng hjelp både for å klara gjera krav på ytinga, og følgja opp dette med søknad og fornying av søknadar. Grunngjevinga for auka husleige og kommunal bustøtte, har vore at rett formål skal budsjetterast og førast på rett plass i kommuneøkonomien. Kvinnherad kommune har allereie kodar for kvar minste ting som skal budsjetterast og som vert kjøpt. Kvifor ikkje berre koda mellomlegget som Bustadforvaltninga meiner dei burde hatt i husleige (inntekt), og det sosialtenesta skulle ha dekka (utgifter)? Kvifor ikkje gjere som Rema – «det enkle er ofte det beste».


Oppsummert

• Bruk nokre av «dei 40 ekstra millionane» som kommunen mottek i år, til å skapa verdige buforhold for dei vanskelegstilte

• Gjer husværa heile, reine og hyggjelege. Det bidrar til god helse og betra fungering for kvar einskild. Og ikkje gløym uteområda kring bustadane. (Desse betyr mykje også for nabolaget).

• Avskaff den byråkratiske ordninga med kommunal bustøtte.

• Sett ei husleige som også tek omsyn til inntekta til kvar einskild (5.000 er ein ok sum).

• Slutt å leiga ut til personar som kan skaffa seg eigen bustad på den private utleigemarknaden.

• Sel dei store upraktiske bustadane – dei fleste leigetakarane treng små og overkommelege bustadar.

• Stopp den planlagte husleigeauken.

Stor takk til dykk som stod fram i avisa og fortalde om forholda! Takk også til ordføraren som i kommunestyremøte ba administrasjonen om å laga ei ny sak – og til SF ved Hege Lægreid Røssland som både i sist kommunestyremøte og tidlegare har tatt ansvar og tatt opp denne saka.


Uskedalen 1. oktober 2018

Møyfrid Kristoffersen

sosionom/psykisk helsearbeidar