Kristendomen i Kvinnherad

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MEININGAR: 

Etter siste tids ristingar i Kristelig Folkeparti er det freistande, frå lekmanns synspunkt, å prøva seg på eit historisk bakteppe. Oppvekst i Rosendal, med ortodoks kyrkje, indremisjon og meir frilyndt sosialkultur i kvar sine leirar, ja, det vert jo ein cocktail av det også. Forresten, leirane var jo ikkje heilt isolert frå kvarandre, og kva for ein leir som var «kristnast» var ikkje godt å seia.

Snorre Sturlason er den som fekk æra av å fortelja korleis det heile gjekk til då kristendomen kom fyrste gongen til landet. Ingen kan korrigera hans beretning, men du verda kor mange sprikande utleiingar det har kome etter Håkon den gode (934–961) sitt fyrste forsøk.

Det gjekk ikkje så bra med Håkon, som vi veit, men nye kongar tok over og kristendomen vann til slutt. Manifestasjonen kom med Olav den heilage som vart helgen og den dag i dag figurerer høgt i den katolske kyrkja. Men føremålet, det at krig, vald og vondskap skulle minka eller ta slutt, vart aldri oppnådd. Dei verste konfliktane rasa internt i kristendomen sjølv.

Så, omlag 1.000 år seinare, sit vi i Rosendal og tek imot der sanne ord. Vi har hatt «besøk» i fem år av tysk Wehrmacht som forkynner «Gott mit uns». Men dei er farne heimatt. Den norske kyrkja har skranta litt, men er på føtene og i godt gjenge igjen. Prest og sokneråd er i fin form, og i 1947 nærmar det seg bispevisitas. Biskop Andreas Fleischer med frue kjem til Rosendal ei vekes tid og skal testa ut vår kristne kultur og karakter. Bygda som tidlegare hadde adelege kjendisar står på hovudet med store seremoniar og selskap og kaker. «Alle» var inkludert, også indremisjonen som på sett og vis var blitt eit korrektiv til kyrkja:

«Fællesforeningen for den indre mission i Søndhordland, Hardanger og Voss har til formaal at vække og nære et sandt kristelig liv i vort kirkelige samfund.»

Tru berre ikkje at dette var uproblematisk. Men gjennom visitas-veka var det harmonisk borgfred og uproblematisk.

Men så var det ein ting til; korleis formidlar vi kristendom til borna? Vi hadde bibelsoga, sundagsskule og songkor og speidar, men det kunne vel trengast å gå gjennom grunnverdiane på nytt? Mykje forvirring herska etter krigen og nye tonar gjorde seg gjeldande. Barn set skarpe krav til forklaring. Her var det bispefrua Petra Fleischer trådde til. Eit stormøte for barn vart arrangert i bedehuset på Seimsfoss, og her stilte vi opp vi som var i skulealder. Fru Petra gjekk på talarstolen kl. 16, og då ho gjekk nedatt kl. 20 var dei fleste spørsmål vedrørande barn og kristentru handsama og løyste. Heimatt til Rosendal gjekk vi i halvmørket, like kloke som vi kom, vil eg seia.

Frå Moster kom mor til Håkon den gode, Tora Mosterstong. Til Moster kom Olav Tryggvason då han skulle kristna landet. Frå Bømlo igjen kom indremisjonens mest profilerte emissærar dei fyrste åra etter 1945. Dei kom med «det sanne ord», men måten dei målbar det på, og måten dei etterlevde det på, var ikkje alltid konsistent. Det spissa seg til mellom tru på Bibelens bokstav, og tru på Bibelens ånd. Sekter oppstod og kjempa frå kvar sine talarstolar. I denne kryss-elden merka ein også omen frå Strandebarm menighet og bruduljene i Dagbladet Dagen. Små problem kom i høgsetet. Murar vart bygde. Tidene gjekk….

Frå Sunnhordland kjem også den nylige KrF-leiaren, og no kjem eg fram til det store tankekorset: Ein sunnhordlending er endeleg ein som tør å reflektera (varsamt!) over den kompakte trus-festningen som hans med-mostringar og med-bømlingar var med på å mura over generasjonar. Om han lukkast i å «flytta fjell» veit ingen, men dette syns eg er sjeldan kost, og dette vonar eg å sjå meir av.

Kristendom er ikkje raud eller blå. Har du den rundt deg, så har du den i deg. Har du den i deg, så har du den rundt deg.


Johannes R. Guddal

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags