Kven styrer Kvinnherad kommune?

Av
DEL

MEININGAR:«Ja, tenke det; ønske det; ville det med; – men gjøre det! Nei; det skjønner jeg ikke.» Dette sitatet av H. Ibsen i Peer Gynt kan vi alle.

Lokalavisene våre melder om at det skal starta ein prosess om sal eller fusjon av Kvinnherad Energi. Sant å seia sperra eg augo opp då eg las dette, og det fyrste som slo meg var: Kven styrer Kvinnherad kommune? Har rådmannen ekstra rådgjevarar av politikarar som køyrer i gang slik populistisk tanke- og systemforvaltning? Rett nok har vi ei regjering som «stykkevis og delt» har selt oss snart til raka fant med norske ressursar og arbeidsplassar. H-kreftene/regjeringa har gjennomført såkalla «stille sentralisering», og her er nok å nemna kommunereform, politireform, samanslåing av fylke, sentralisering av legevakter og ambulanse med meir. I tillegg har vi fått omstruktureringar på til dømes universitet, høgskular og Statens vegvesen, og regjeringa sin motvilje mot høgteknologisk utbygging av breiband i strøk av landet der ikkje-kommersielle interesserte bryr seg. Deretter får vi kutt i midlar til fylkeskommunar/kommunar – som igjen går ut over næringsliv og utvikling. Alt dette med reformer og lovpålegg går såleis utover arbeidsplassar i distrikta og landet vårt.

Så til Kvinnherad kommune og våre folkevalde om energi:

Denne prosessen skal altså setjast i gang på bakgrunn av to rapportar:

1: «Sluttrapport for strategisk vegval for Kvinnherad Energi» (arbeidsgruppe av utvalde politikarar) og 2: «Rapport til Kvinnherad kommune vedgåande mulig sal av Kvinnherad Energi» (Kluge advokatfirma – som ofte bidreg i energipolitiske område på fleire plan).

Når det gjeld rapportar og kor uavhengige dei er – det får vera opp til den enkelte å døma. Men når ein ser kva som skjer på politiske område med noverande samfunnsforvaltning og populistiske lakeisystem der all demokrati over den vanlege samfunnsborgar bortimot er vekke – då er det grunn for å minna også Kvinnherad kommune om dette, i alle fall når det er snakk om sikre inntektskjelder for kommunen vår. Energi er noko Kvinnherad kommune har bygd bra ut, men har vi behalde alle arbeidsplassar? Hovudkontoret for energi ligg vel på Stord! Jau, så sanneleg les vi òg at det vert lokka med billegare nettleige i denne prosessen.

Parallellen til dette: Dette minner meg styggeleg om strategien vi bønder fekk servert gjennom meierisektoren, og nedbygging av det bygde meieriet på Seimsfoss i si tid til Vestlandsmeieriet og til Fusjonen Tine Vest. Argumentet var tillegg på pris for literen på mjølka. Utviklinga såg vi, Tine investerte med bøndene sine midlar over år, og no på nytt i 2019 får bøndene nedgang på pris per liter mjølk. Argumentet er overproduksjon og utvida etablering i utanlandsk marknad. Her ser vi same utviklinga på energifronten og. Det vert bygd leidningar til Sør- og Vest-Europa, finansiert med auka straumprisar til det norske folk.

Kjære Kvinnherad kommune: Hald dykk «edrue», og ikkje sel kommunen vår på denne måten. Eg vonar at delar av formannskapet ser heilskapen. Eg vonar at kommunestyret har både kløkt og is i magen. (Regjeringa vert ny og annleis ved neste val).

Til slutt: Energiressursane er allemannseige i kommunen vår. Astrid Lindgren, den svensk forfattaren, sa det så enkelt:
«När människor med makt slutar att lyssna på folk, då är det dags att byta ut dom».

Viss bonden sel «stykkevis og delt» av jorda si, har han øydelagt grunnlaget for vidare drift, og det kan no òg skje med vurdering av to slike rapportar som her ligg føre. Energien vår er eitt av grunnelementa til ei sikker inntekt og utvikling for kommunen vår – framover.

Bergljot Bruåsdal Hesvik,

Rosendal

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags