Lettvint å auka lånegjelda i Kvinnherad kommune

Av
DEL

MEININGAR:

Som innbyggjar må eg seia eg vart litt forundra då eg las i avisa at Kvinnherad kommune ved rådmann/ordførar hadde lagt inn 30 millionar i inntekt for sal av Fjelberg Kraftlag-aksjar i budsjettet for 2018.

Eg forstår det slik at ordføraren ikkje kjende til dei 30 millionane som dukka opp, for då er han jo sjølvsagt habil. Salet er ikkje effektuert av Fjelberg Kraftlag, som eg kjenner til. I tillegg opplyser avisa frå møtet at manglande sum på 30 mill. (2 ½ år med privat eigedomsskatt) løyser ein enkelt med å auka lånegjelda med 30 mill. som alt er på 1,5 milliard. Det er då berre så lite..!

Lånegjelda er no ca. kr 113.000,- per innbyggjar. Det hender ein har ein leik som heiter «Tenk på eit tal». Skremmande for meg som innbyggjar.


Øyvind Hardeland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags