«Nei til vindindustri i Kvinnherad!»

Av
DEL

MEININGAROlje- og energidepartementet spør om tilbakemelding på om Kvinnherad kommune er eigna for vindindustriutbygging. Eg takkar for moglegheita til å koma med svar. Svaret er nei!

Som odelsjente til gard i eit av dei markerte områda i Uskedalen, Kvinnherad, vil eg presisera at eg, mor mi, som eig garden, og bror min, alle seier nei til vindindustriutbygging. Området vert nytta av oss med familiar og sambygdingar til sauebeite, jakt, fiske og friluftsliv.

Å voksa opp i Uskedalen i Hardangerfjorden er eit eventyr. Her har vi fjellveggar så flotte at folk kjem heilt frå New York for å klatra, vi har ungdomslagshytta på Hauglandsfjellet der det er heilt stille og alle kan fiska aure og bada. Når du sit i hytteveggen kjem det brått ein hjort forbi, går du oppover elva møter du ein røyskatt, medan ei kongeørn kjem seglande på himmelen. Neste dag tar du turen til Solfjell med fri utsikt til både Omvikdalen og Uskedalen, fjell og fjord, og på vegen ned møter du ein hare og ei havørn. Dette er ein type natur som det er svært lite att av i verda i dag. La oss ta vare på den naturen!

Eg krev at Kvinnherad vert teken ut av samla plan fordi areala som er føreslått av NVE er i konflikt med mange omsyn, og fordi heile Kvinnherad seier nei til vindindustri.

15.08.19 sa eit samrøystes Kvinnherad formannskap nei til samla plan. 29.08.19 sa eit samrøystes Kvinnherad kommunestyre nei til samla plan. Og alle politiske parti i Kvinnherad seier nei til vindkraft i Kvinnherad. Det same gjer Vestland Fylke. Og «Nei til vindmøller i Kvinnherad» har per 30.9.19 heile 4775 aktive medlemmar.

Utbyggjarar er med andre ord ikkje velkomne til Kvinnherad!

Eg seier meg einig med FN, vi treng den naturen vi har att. Som FN påpeiker: Rasering av naturen truar no menneskeheita i like stor grad som klimakrisa. Og det heng saman. Om vi raserer den naturen vi har att får vi dårlegare klima, vi treng naturen for å redda klima. I tillegg er tap av leveområde den viktigaste årsaka til at opp mot ein million artar er utrydnigstrua, dette ifølgje FN sin siste naturrapport.

Og ifølgje Miljøverndirektoratet er vegar og energianlegg, som til dømes vindkraftindustri, den største trugselen mot urørt natur.

Og vi er svært mange som har begynt å lesa oss opp på kva meir vindindustri på land kan føra til i Noreg i dag, og vi ser at vindkraft på land ikkje er forenleg med å redda verda.

«Det er kjempedramatisk og vanvittig skummelt. Vi er jo i ferd med å ødelegge naturen så raskt at bærekraftsmålene står i fare og vi ikke lenger klarer å livnære jordas befolkning», seier Silje Ask Lundberg, leiar for Naturvernforbundet til NRK. «I dag er den største trusselen mot biologisk mangfold at vi bygger ned arealene hvor artene lever. Da handler det om å ikke tillate store byggeprosjekter i intakt og verdifull natur sånn som vi ser nå i Norge med de planlagte vindparkene».

«Vi er ikkje nøydde til å velja mellom klima og natur. Vi har krafta vi treng for å elektrifisera Noreg utan å ofra urørt natur», seier styreleiar Per Hanasand i Den Norske Turistforening.

«Å ødelegge store urørte naturarealer for vindkraftindustrien, kan ikke ansees som annet enn alvorlig miljøkriminalitet satt i system. Vi har både teknologien, kunnskapen og muligheten til å gå i en smartere retning», seier miljørådgiver Nini Hæggernes.

«Å prioritere vindkraft foran energieffektivisering av bygg blir som å fortsette å fylle badekaret uten å sette i proppen. Det er ganske enkelt ingen god utnyttelse av ressursene», seier Ann Kristin Kvellheim i SINTEF.

«Eneste måte å endre dette på, er at effekten på naturmiljøet må inn som et styringsparameter på linje med BNP, ledighetstall osv», seier Norsk Industris Stein Lier Hansen.

Også Norsk Friluftsliv med over 950 000 medlemmer krever stans i nedbygging av norsk natur.

Regjeringa må stoppa vidare utbygging av landbasert vindkraft og legga ein annan plan for produksjon av fornybar energi. Oppgradering av eksistarende vasskraftverk, solenergi, havvind og etterisolering av hus og energisparing er alle moglege og gode tiltak. Og vi veit at vi får meir kraft enn frå den samla planlagte vindindustrien ved å utbetra og oppgradera den eksisterande vasskrafta. Og då utan å øydelegga naturen.

Vi kjem ikkje til å akseptera at fjella våre blir gjort om til industriområder, vi kjem ikkje til å akseptera øydelagt natur, drap på ørner, ugler og insekter, infralyd som nyare forskning viser at skadar menneske opp til 20 km unna, og blant anna fører til 20 % redusert hjartemuskelkapasitet hos menneske, lyskast døgnet rundt og livsfarlege iskast frå dei opptil 250 meter høge nye møllene i vår flotte fjellheim i Kvinnherad! Då blir det lenkegjengar!

I staden kan Noreg vera eit føregongsland, ta den unike naturen vår med vidare til framtidige generasjonar og visa at vi klarar å koma opp med god, miljø- og naturvenleg energiproduksjon!

«Naturen er vårt største apotek», sa Per Fugelli.

La oss ta vare på naturen, og ikkje gjera den om til eit industriområde!

Nei til vindindustri i Kvinnherad!

Mona Vetrhus

Uskedalen


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags