Nok ein gong – Kvinnherad Energi!

Av
DEL
MEININGARiv>


Lars Emil Berge har i fleire lesarinnlegg gjort seg nokre tankar om energisystemet. Som Marknad & IT-leiar i Kvinnherad Energi (KE) så vil eg gje mine betraktningar på det som har vore skrive.


Næringsutvikling

Det er ikkje eit nettselskap si oppgåve å stå for næringsutvikling, KE skal vera ein tilretteleggjar av infrastruktur for planlagd næringsutvikling. KE og Fjelberg Kraftlag (FK) tok likevel eit framtidsløft for næringsutvikling tilbake i 2003 då ein etablerte Kvinnherad Breiband (KB). KB har no fått på plass eit fibernett som har ei dekningsutbygging som er i fremste rekkje i Noreg. Å få på plass dette har lagt til rette for næringsutvikling i Kvinnherad! I Kvinnherad er det fortsatt område som har dårleg mobildekning, men dei har fiberdekning frå KB, noko som gjer at KB har ca. 800 kundar på fasttelefon. Fasttelefonen har ikkje døydd ut.

Med danninga av KB har det til no blitt utvikla 12 nye arbeidsplassar i KB, tenk òg over alle dei arbeidsplassane som har blitt trygga, og utvikling av nye arbeidsplassar hjå andre verksemder i Kvinnherad.


Digitalisering

I fjor rulla vi ut nye straummålare til alle målepunkt i Kvinnherad, eit prosjekt som var særs vellukka grunna nettselskapet sin kompetanse og lokalkunnskap, som gjer at vi per i dag har kontroll på over 99 % av forbruket til ei kvar tid. Berge kan ta og sjekka med nokre store nettselskap kva AMS-status er hjå dei, kravet var at utrullinga skulle vera ferdig i løpet av 2018. Målarane er tilrettelagde for at tredjepart kan utnytta kommunikasjonskanalen til formål om kundane ynskjer t.d. smarthus. Men det er ikkje nettselskapet som skal driva denne type tenester, det er utanfor formålet i vår konsesjon.

I vår administrasjon sit det personar som analyserer data som vi får inn frå straummålarane, og som har avdekka graverande feil i enkelte målepunkt som i det lange løp kunne utvikla seg til branntilfelle. Alle våre energimontørar har nytta nettbrett sidan 2013 i sitt daglege virke. I vårt siste digitaliseringsprosjekt, som vi starta opp hausten 2018, er vi i gang med å installera overvakingsutstyr for våre nettstasjonar, dette gjer det mogleg å tilretteleggja for smart framtidig planlegging og utbygging av vårt distribusjonsnett. Dette prosjektet kallar vi «Nettnytte».


Effektivitet

KE har oppgradert sitt straumnett kontinuerleg, og har investert betydeleg kapital for å ha eit godt straumnett for framtida. Desse investeringane er med på å forklara kvifor ein no har ein så «låg effektivitet», som det har vore veldig fokus på. Minner om at høg effektivitet ikkje automatisk tilsvarer låg nettleige, og at denne «effektivitetsmodellen» har blitt nytta i mange lesarinnlegg av politikarane utan at dei heilt veit kva som ligg i denne. No som vi har investert betydeleg, er vi betra rusta for framtida og utførte investeringar er ein av faktorane som vil ha påverknad på at effektiviteten går opp. Det kan nemnast at vi i desse dagar er i full gang med å få på plass infrastruktur til 6 ferjekaiar i Kvinnherad for elektrifisering av ferjer, samt tilrettelegging for Ænes Inkubator.


Nettleigeprisar

Angåande nettleiga så hadde Berge nytta ein feil versjon av prisane gjeldande frå 1. januar 2019, når han hevda at vi ikkje hadde satt ned prisane med 2,9 øre/kWh. Versjonen som han nytta var henta frå nyhende-arkivet til Kvinnherad Energi. Vi beklagar at feil versjon låg i arkivet vårt, og vi burde ha oppdatert den nyhendesaka, då vi gjorde ei ytterlegare endring på prisane. Hadde ein henta informasjonen på hovudsida for nettleigeprisar, eller sjekka direkte på fakturaen, vil ein ha sett at nettleiga var sett ned 2,9 øre/kWh. Med endringa har nettleigeprisane blitt reduserte med 13,8 % frå 1. januar 2016, noko som tilsvarer kr. 1.920 for eit hushald med årsforbruk på 20.000 kWh. Gjeldande nettleigeprisar utgjer om ein samanliknar med dei «store»; for eit hushald med årsforbruk på 20.000 kWh er skilnaden no kr 340,- i året mot Haugaland Kraft og kr 1615,- mot BKK Nett, i 2017 var hhv. skilnaden kr 1340,- og kr 2.260.


Meirinntekt

Det har i nokre lesarinnlegg vore fokus på meirinntekta, nettselskapa har moglegheit å ta inn meir enn tillate inntekt frå NVE. Dette er ein mekanisme i inntektsmodellen som gjer at vi kan planleggja våre investeringar, og dermed prøva å halda ei så jamn nettleige som mogleg. Dette er det ikkje noko ulovleg med, vi held oss innanfor lover og reglar, og langtidsplanen for behandling av meirinntekta er behandla i styret til KE. I åra framover er det planlagt å tilbakebetala meirinntekta, noko som vil gje kundane reduserte nettleigeprisar.

Om ein ser på dei kommande åra så vil utviklinga på nettleigeprisane gå ytterlegare ned for kundane våre, dette skuldast ei forventa forbruksauke på omtrent 17% fram til 2021. Den forventa forbruksauken kjem grunna elektrifisering av ferjer og store investeringar som blir gjort i sjømatnæringa i Kvinnherad. Slike store forbruksaukar kjem våre nettkundar til gode , då KE får eit betydeleg større forbruksgrunnlag å fordela investeringar og kostnadar på.

Kenneth Ingvaldsen,

Marknad&IT-leiar, Kvinnherad Energi

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags