Om betaling for politisk arbeid

– Utbetalinga vil eg gje uavkorta direkte til eit godt føremål som han får velja blant følgjande tre: Avisa Klassekampen, Palestinakomitéen eller Avaaz.org, skriv Gaute Lund.

DEL

MEININGAR:Det er blitt omtalt at Ove Lemicka krev godtgjering for tapt arbeidsforteneste i samband med politiske møte.

Etter mi meining er regelverket primært for folk i ordinært lønsarbeid som mister inntekt ved politiske møte. Så har vi eit høve for sjølvstendig næringsdrivande som kan få vederlag 1.500 per dag, t.d. ein snekkar som mister ein arbeidsdag. Dette bør etter mi meining vera grunngjeve når ein søker. Bøndene har eit unntak for å kunna få dette vederlaget for kveldsmøta, etter det eg forstår. Og dette støttar eg 100 prosent. Sjølvsagt også t.d. sjukepleiarar i turnus og andre med ordinært lønsarbeid som går glipp av inntekt for arbeid på kvelden.

Les saka her (+): Kommunen tvilar på Frp-politikar sin rett til kompensasjon

For min eigen del har eg alltid sett på det slik at eg kan delta på møte og gjera arbeidet mitt til andre tider, av di eg har ein så fleksibel arbeidssituasjon, i leiinga i iDrift. Eg hadde trudd det same gjaldt for Ove. At eg ofte jobbar om kvelden er ikkje det same som at eg må jobba akkurat den kvelden! Og det blir litt absurd om eg eller Ove hevdar vi går glipp av inntekt fordi vi er på møte, eller at vi må leiga inn vikar. Vi som er eigarar og leiarar nyt stor fleksibilitet, normalt. Eg legg til grunn at både Ove og eg har til salt i maten, nokolunde. Eg meiner at ordninga med vederlag ikkje er for oss, både ut i frå sunn fornuft, ut i frå tolking av regelverket, og ut i frå min sans for kva som er rimeleg og rettmessig.

Eg har heller ikkje bede om refusjon for tapt arbeidsforteneste for møter på dagtid. Eg reknar fleksibiliteten min så stor at eg også då kan ta att arbeidet mitt til andre tider. Møtegodtgjeringa eg får utbetalt går uavkorta til partiet Raudt sitt arbeid, lokalt og nasjonalt. Eg meiner at valde verv burde ikkje få anna godtgjering enn tapt arbeidsforteneste, der regelverket vi allereie har er bra.

Eg legg til grunn at Ove tenkjer seg om ein gong til og trekkjer kravet. Dersom Ove ikkje vil trekkja kravet, og også (mot formodning) får det innvilga, så seier eg med dette følgjande: Eg vil søkja dekning for tapt arbeidsforteneste for alle møte eg har vore på sidan eg kom inn i kommunestyret i 2015, med satsen på 1.500. Utbetalinga vil eg gje uavkorta direkte til eit godt føremål som Ove får velja blant følgjande tre: Avisa Klassekampen, Palestinakomitéen eller Avaaz.org. Dersom Ove nektar å velja, vil utbetalinga bli delt likt mellom dei tre føremåla.


Gaute Lund,

Kvinnherad Raudt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags