Oppdrettsindustrien, Senterpartiet og MDG

(Illustrasjonsbilde frå arkivet).

(Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Av
DEL

MEININGARI Kvinnheringen måndag er det eit sakleg innlegg frå Andreas Ølvestveit om Sp sitt syn på oppdrettsindustrien. Innlegget er prega av Sp sitt syn på profitt, natur, miljø og klima, og av oppdrettsindustrien sin eigen argumentasjon. Innlegget stadfester at Sp støttar eksisterande produksjonsform og meiner den kan utviklast i miljøvenleg og berekraftig retning. Bodskapen er: Sats på oppdrettsindustrien, ikkje strup den!

MDG meiner vi ikkje kan satsa på oppdrettsindustrien i si noverande form, og ynskjer radikale endringar. Difor føreslo vi i lesarinnlegget vårt tidlegare at Kvinnherad skulle gå i spissen for eit pilotprosjekt for lukka anlegg. I planarbeidet kan kommunen leggja til rette areal i sjøen for lukka anlegg. Vi trur det er framtidsretta og vil gje både arbeidsplassar og inntekter til Kvinnherad. Oppdrettsindustrien har store miljømessige utfordringar som ikkje kan halda fram.

Dersom profitt og økonomisk vinst er hovudføremålet med alle aktivitetar, er Sp sitt syn forståeleg. Dersom vi legg til grunn eit meir økologisk perspektiv som tek omsyn til ulike samanhengar, og til berekraft i framtida, må aktiviteten endrast. Oppdrettsindustrien og all annan industri må ta fleire omsyn enn arbeidsplassar og profitt. Det er slik i verda at politikk er anna enn å driva butikk.

MDG utfordrar difor Sp i Kvinnherad til eit samarbeid om pilotprosjektet, med krav til at all vekst i oppdrettsindustrien må koma i lukka anlegg. Avvikling av eksisterande driftsform styrer korkje Sp eller MDG med. Dette er ikkje å strupa oppdrettsindustrien, men å leggja til rette for berekraftig utvikling som tek omsyn til menneske, natur og miljø.

Svein Ingvald Opdal

MDG Kvinnherad


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags