Øyvind Hardeland, ein bekymra innbyggjar – med ansvar for stoda!

Av
DEL

MEININGAR:

Øyvind Hardeland er i avisinnlegg om dagen bekymra for lånegjelda som Kvinnherad kommune har opparbeidd seg. Men, først har han eit spark til ordføraren som han meiner burde vore inhabil då kommunebudsjettet vart handsama fordi det i dette var lagt til grunn ei inntekt frå sal av Fjelberg kraftlag i investeringsbudsjettet til kommunen. Allereie då vert det klart at Øyvind Hardeland ikkje er ein vanleg innbyggjar i Kvinnherad, men ein aktiv politikar som veit det går mot val – og som har eit inderleg ynskje om at då skal Høgre-ordføraren ut av rådhuset.

Det er lov å synast at lånegjelda er for stor, slik den bekymra Øyvind Hardeland er. Men skal ein kritisera bør ein vera utan ansvar for tilstanden. Det er ikkje Øyvind Hardeland – eller Arbeidarpariet. For det første så er gjeldsstoda i kommunen ein direkte konsekvens av at kommunen i mange år har bygd ut tenestetilbodet til innbyggjarane. Dette har skjedd gjennom breie vedtak i kommunestyret der stort sett alle parti har vore med. Politikarane har jamvel kappast om å gå inn for den eine investeringa etter den andre. Gode tiltak som har det til felles at dei har auka lånegjelda til kommunen. Øyvind Hardeland har sete i kommunestyret i årevis – til han gjekk ut ved førre val for å prioritera fylkespolitikken. Min påstand er at lånegjelda i Kvinnherad er eit direkte resultat av politikken og arbeidet til politikaren Øyvind Hardeland. I dei tre åra som har gått sidan Hardeland forlét kommunestyret, har han likevel vore aktivt med i partiet sitt og godkjent sakene i den førebuande behandlinga som han og partifellene har på partimøte kvar måndag før kommunestyret, der dei godkjenner partiet sin politikk. Arbeiderpartiet har i desse åra også gått inn for det aller meste av godsakene som kommunen har vedtatt. Dei har til og med tidvis gått inn for endå meir kostnadskrevjande investeringar enn det kommunestyrefleirtalet har vedtatt, noko som ville gitt endå høgare lånegjeld om det vart vedtatt.


Ove Lemicka

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags