Pass på passet – tankar om passdiskusjonen

Av
DEL

MEININGAR:

Så er den årvisse diskusjonen i gang igjen om kor viktig det er å få passet lokalt og ikkje måtta ta turen til Odda eller Stord. Kva er problemet, dei fleste av oss er eit utal gonger i året på begge plasser, og det må gå an å tenkja seg litt om og ikkje koma dagen før me må ha passet. Sjølv har eg fått alle mine pass i Bergen eller Haugesund. Kor mykje arbeid det er for lokalt politi og kva dei må undersøkja har eg ikkje aning om, men det er vel greitt at det vert samla der ein kan ha meir kontroll, sjølv i dataalderen. Kontroll ja, det kan trengst, for her er mykje gale.

I fjor vart 34.401 norske pass borte. Mista, stolne, selde? Der er eksempel på at personar har «mista» passet 8-10 gonger. Då må varsellampane på. Arabisk-språklege sel norske pass på nett, 500 Euro. Norske pass var av dei lettaste å forfalska, så det er mange som kjem inn i landet vårt med eit slikt «ekte» pass.

Ei slik fillesak bør ikkje ordføraren bruka tid på.

Johs. Bondhus

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags