Pelsdyrnæring og rovdyrpolitikk

Av
DEL

MEININGAR:I den seinare tida har det kome signal frå regjeringa om at pelsdyrnæringa skal avviklast. Dette fordi det er avdekt at nokre av dyra har lidd unødig. Det skal vera manglande dyrevelferd og dyremishandling.

For oss som driv med blant anna dyrehald verkar dette uforståeleg. Ein opplever stadig at rovvilt drep eller skadar husdyra våre. Sauer kjem heim med avrivne øyre og halar, samt blod og merke etter ørneklør i ryggen. Då heiter det ikkje dyremishandling lengre. Det er heller ingen som talar husdyra si sak og ønskjer å redusera rovdyrbestanden for på den måten redusera lidinga deira.

Det er heller ingen som talar matviltet si sak. Dei lir under dei same vilkåra. Stadig nye artar vert raudlista, dette er artar som tradisjonelt har vore høgt skatta og naudsynt matvilt for mange. Nå vert lidingane til dyra kalla «naturopplevingar» og «naturens gang». Dette for å forlysta nokre andre- og tredjegenerasjons politiske broilerar som i aktløysa har forvilla seg utanfor asfaltkanten og bysona. For matviltet er lidinga og utfallet det same.

Lat oss få ein heilskap i rovdyrpolitikken der produksjon av mat og matvilt vert sett høgare enn å ha ein for stor rovdyrbestand som ingen er tente med. Lat folk på bygda driva med tradisjonell matproduksjon og viltpleie. Dette er ein del av vår kultur. Ein burde heller gå inn for å redusere talet på byråkratar. Desse skaper eit overregulert samfunn som berre bidrar til å drepa gnisten i folket, og gjera dei fleste til ufrivillige lovbrytarar sidan dei strevar for å ivareta kulturen sin.

Lat heller dei som kontrollerer pelsdyrnæringa få i oppgåve å hjelpa næringa til å betra forholda til pelsdyra. Det er trass alt menigmann som lønar dei. Slik dei opptrer no er det nærast som eit hovmodig politi med manglande bakkekontakt og evne til å vilja tena dei som løner dei. Det einaste ein oppnår med eit forbod mot pelsdyroppdrett, er at denne næringa vert overtatt av ein annan nasjon, der ein ikkje har noko påverknad. Så lenge verda nyttar pels, vil det vera ein marknad for dette.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags