«Rådmannssaka og etterspelet»

Av
DEL

MEININGARRådmannssaka har kosta kommunen 3,5 millionar totalt, kunne me lesa i lokalavisene i førre veke. Det er etter mi meining ein liten sum for å verna om demokrati og ærlegdom.

Eg vil gi honnør og seia takk til Peder Sjo Slettebø for at han stod opp for desse grunnleggjande verdiane i rådmannssaka og sette kniven i den ukulturen som hadde fått lov å utvikla seg over tre-fire kommunestyreperiodar, medan Trond Sætereng var rådmann. Djupast sett var det denne ukulturen i administrasjonen som Odd Ivar Øvregård vart offer for. Kven kunne rekna med at den unge Peder Sjo Slettebø ville setja foten ned for eit overtramp når ingen av dei føregåande ordførarane hadde gjort det i liknande tilfelle?

Debatten som kom etterpå har etter mi meining skygga for kva som er kjerna i saka: Rådmannen hadde sett seg sjølv i ei slik stilling at ordføraren ikkje lenger hadde tillit til han. Om tilliten var svekka før det store tillitsbrotet skjedde, i saka om at kommunen hadde teke på seg å overta eit lån for Stiftinga Folgefonnsenteret utan at ordføraren kjende til det, er ikkje viktig. Det som er viktig er at ein organisasjon ikkje kan leva med manglande tillit mellom styreleiar og administrasjonssjef. I ein slik situasjon må ein av dei vika. I eit kommunalt system der ein ikkje har innført kommuneparlamentarisme, men styrer etter formannskapsmodellen, er det sjølvsagt at det er administrasjonssjefen som må gå. Denne enkle sanninga forstod ikkje varaordførar Hans Inge Myrvold og Senterpartigruppa som koalisjonspartnar for Peder Sjo Slettebø og Høgre, og denne enkle sanninga ser det ikkje ut for at dei fleste andre partileiarane heller vil sjå. I debatten og prosessen etterpå var det faktisk ordføraren vår Peder som vart ofra. Eg vil ønskja Peder lukke til med rehabiliteringa etter den store trøkken og alt godt vidare. Me har stor bruk for deg i Kvinnherad-politikken.

No skal Hans Inge Myrvold (Sp) overta som ordførar, og han har fått med seg Arbeidarpartiet og Sosialistisk Fellesliste som koalisjonspartnarar. Eg vil gjennom dette innlegget gjera dykk merksame på kva eg meiner er den viktigaste arven etter perioden med Peder Sjo Slettebø som ordførar: At han gjeninnførde politisk styring av denne kommunen.

Eg vil også gjera Hans Inge Myrvold merksam på at no er det du som skal forvalta tilliten vår til demokratiet. Til Synnøve Solbakken og Asbjørn Skår, som tidlegare ordførar og kommunalsjef og no komande sentrale kommunestyremedlemmer i Ap, vil eg seia: Ikkje prøv å svekka den politiske styringa igjen. De har eit særleg ansvar, og me følgjer med dykk. Og eg vil gjera Gaute Lund merksam på at han i rådmannssaka i alle fall er på kollisjonskurs med ein annan sosialist og sosialdemokrat, underteikna. Eg håpar du aldri meir vil leggja lok på ein viktig politisk debatt i kommunestyresalen, slik du tok initiativet til i rådmannssaka. Eg håpar du heller kan ta initiativ til å flytta dei viktige debattane inn i opne fora som redaktørstyrte aviser og poliske organ, som også Øyvind Lernes nyleg bad deg om.

Arne Hauge

Halsnøy Kloster 03.10.19

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags