Revolusjon i nettselskapa

Av
DEL

MEININGAR

Styreleiar i småkraftforeninga, Lars Emil Berge, teikna eit dystert bilete for framtidig utvikling av nettselskapa i Norge i sitt lesarinnlegg i Grenda 28.02.2019 og i Kvinnheringen 01.03.2019.

Framtidig eksistens av små nettselskap vert sett i tvil ved å hevda at det er store endringar i energibransjen som små selskap ikkje kan imøtekoma.

Som leiar for nettverksemda i Kvinnherad Energi vil eg seia noko om korleis me ser på utfordringane som Lars Emil skildrar.


Digitalisering og framtidig kompetanse:

Kvinnherad Energi har i dag ressursar til det som er vårt behov. Dei siste åra har me hatt fleire store digitaliseringsprosjekt, som er gjennomførte med interne ressursar, der me har kome ut som dei aller beste i landet. AMS, Nettnytte og Elhub er døme på dette. Gode samarbeidsavtalar med andre energiverk og høg kompetanse på tilsette gjer at me også i framtida kan møta nye krav.

Sjølv om eit selskap ikkje er blant dei største i landet, så utelukkar ikkje det moglegheita til å ha tilsette med høg kompetanse og å forhandla fram gode avtalar på alle nivå. Nettselskap i vår storleik har tilsette med høg kompetanse og vil fortsatt forhandla fram avtalar som er til det beste for selskapet og kundane våre.


Tap i nett:

Etablering av kraftkrevjande industri er noko me alle ynskjer for å få etablert viktige arbeidsplassar. Å hevda at dette bør etablerast lengst ute i distrikta, der det er etablert småkraftverk, slik at tap i nettet kan reduserast, er vanlegvis ikkje riktig. Tap i nettet er avhengig av fleire ting. Dei viktigaste er lasta og motstand i nettet. Kraftkrevjande industri har behov for kraft heile året. Dette kan ikkje småkraft utan magasin levera. Småkraftverk som ikkje har magasin har sin høgaste produksjon når det regnar eller når det er snøsmelting. I vintermånadane er det vanlegvis liten produksjon. Utkantane har vanlegvis eit nett som er bygd ut med tanke på forbruket i det lokale området. Dersom ein knyter til kraftkrevjande industri vil tap i nettet vera størst i vintermånadane, når det er liten eller ingen småkraftproduksjon. Etablering av kraftkrevjande industri i utkantane, med formål å redusera tap i nettet, er vanlegvis ikkje mogleg utan ny og stor investering i nettanlegg. Det må i mange tilfelle etablerast eit nytt og betre nett for å dekka behova som kraftkrevjande industri har, både i forhold til kapasitet og reserveforsyning.

I Norge er ein i dag så heldig at det er 106 nettselskap som er lovpålagte å utføra si tilknytingsplikt slik at nytilknytingar og utbygging skal skje utan opphald. Korleis dette vil bli dei neste tiåra vil framtida visa.


Kjell Enes

Leiar Nett og Produksjon ved Kvinnherad Energi

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags