Sjå etter andre løysingar

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MEININGAR:

Etter som tida går, ser det ut til at prosjektet E39 Stord–Os kjem til å bli så dyrt at ein bør sjå etter andre løysingar. E39 skal etter intensjonane binda saman sør og nord, så lengd og kostnader må stå stå høgt på ønskjelista ved stadval.

Indre trasé må derfor utgreiast og leggast om i høve Hordfast. Derfor bør strekkja nordover frå Stord peila i retning Romarheimsdalen, så får Bergen kopla seg på der det passar best og er billegast. Det har vore nemnt at ein kan pendla mellom Stord og Bergen, men skal ein tru litt på lekkasjane angåande slike reiser, vil vel ei vanleg dagsløn bli for liten, også godstransporten kjem til å slita. Kan nemna at ost frå Jæren til Grandiosa (Stranda) også i dag vert køyrd over austleg trasé. Prosjektet ein her snakkar om, har vore oppe i ein kostnad på 43 milliardar, men då varskudde Erna at prisen måtte monaleg ned. Straks etter kom ein ny lekkasje, då på 35 milliardar, utan at der kom ei fullgod forklaring på korleis ein kunne få dette til.

Når ein tenkjer tilbake på mange av vegvesenet sine anlegg, er desse blitt nokså dyrare enn oppstartingsprisen. Dette forklarar vegvesenet med vanleg prissetjing og ymse «uheldige» omstende. Legg ein desse tillegga til dei 43 milliardane som har vore nemnde, vil totalen bli mellom 60 og 70 milliardar. Kanskje blir det ikkje så ille som nemnt ovanfor, men det er vel få prosjekt som har hatt slike ukjende faktorar som denne jobben.

Kravet til standard bør reduserast frå 110 km/t. med dosering deretter, til 90 km/t. (såkalla trefeltsveg) med dertil krav om dosering. Denne modellen har slege godt an i Sverige og lagar til ymse forbikøyringsfelt, der har òg vore på tale med restriksjonar når det gjeld avstand mellom lange køyretøy, slik at det blir lettare å koma inn i rett fil.

Trur ein del fagfolk har høyrt for lite på «sunt bondevit» i denne saka, Bjørnefjorden er ikkje til å spøka med.


Gudleik Østerbø (agronom)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags