Sørleg kryssing gir radikalt større effekt

(Illustrasjonsfoto frå arkivet).

(Illustrasjonsfoto frå arkivet).

Av
DEL

MEININGAR:

Nye E39 vil altså gi Sunnhordland nærare tilknyting mot Bergen og Haugesund, og bra er det. Utbygginga vil også knyta Sunnhordland tettare saman, men dette avheng av at framføringa av vegen tek omsyn til

framtidig kopling til Kvinnherad (Sunnfast). Sørleg E39-kryssing av Langenuen mellom Stord og Tysnes gir så kort reisetid mellom Husnes og Leirvik at området vil bli ein felles bu- og arbeidsmarknad. Ved

Midtre kryssing blir reisetidene akkurat så lange at mesteparten av denne effekten fell bort.


Brei støtte til Sunnfast

Sunnfast – fast samband frå Kvinnherad til E39 – er blitt svært godt motteke og det er nærast full støtte frå alle hald. Ordførarane jobbar tett inn mot styresmaktene og synes å samarbeida godt!

Sunnfast stiller som kjent krav om at E39-kryssinga over Langenuen må gå etter sørleg alternativ. Midtre kryssing vil jo vera ein omveg som gir lengre reisetid på tvers i Sunnhordland. Men i begeistringa over dei nye vegane kan det vera lett for å sjå stort på denne skilnaden. Tenkja at sjølv om sørleg kryssing er best, er midtre kryssing berre litt dårlegare. Det viktigaste er at vegen kjem. Men då lurer ein seg sjølv!


Reisetidene må halda seg innanfor 45 minutt

Det viser seg at folk ikkje skil så mykje mellom 20 eller 30 eller 40 minutt reisetid. Det er naturleg at det tar litt tid å

koma seg på jobb, og kanskje kan ein utnytta tida ved å lesa avisa eller surfa på nettet eller tenka igjennom dagens oppgåver.

Men blir reisa for lang, opplever dei fleste at tida er bortkasta eller at det blir slitsamt, og fagfolk fortel oss at denne grensa er på omkring 45 minutt i gjennomsnitt. Og er ein på jobben og skal reisa til eit møte eller ta eit anna ærend, så vil det same gjelda – ein liker ikkje bortkasta tid.


Men mange lever jo med lange reisetider

Ja, i praksis er det mange som bruker mykje meir enn 45 minutt for å koma seg til jobb. Kanskje skuldast det at dei ikkje finn høvande arbeid der dei bur og at dei ikkje kan eller vil flytta, eller at dei berre kan eller vil utføra ein bestemt type arbeid. Mange ser nok dette som mellombels, dei håpar på at dei ein gong skal få kortare reisetid – på

ein eller annan måte. I mellomtida brukar dei ekstra tid og krefter og må akseptera at det går ut over helse, friluftsliv, familieliv og samliv, deltaking i lokale aktivitetar osb. Kanskje går ein over til vekependling, eller ein sluttar i jobben. Ingen er tent med reisevegar som ein «berre må leva med» - dette gir ikkje trivsel og overskot. Og det gir ikkje nærings- og folkevekst!


Ei naturleg og akseptabel reisetid

For Sunnhordland er det særleg viktig å få eit betre samband mellom kommunesentera Husnes og Leirvik. Dette har det jo vore arbeidd med svært lenge, då basert på nedkorting av ferjesambandet. I seinare tid har ein sett at det er realistisk med eit fast samband frå Husnes via Tysnes til E39. Dette har kulminert i Sunnfast-konseptet som er svært godt motteke. Med sørleg kryssing av Langenuen vil den teoretisk kortaste reisetida mellom dei to sentera vera omlag 26 minutt, med midtre kryssing vil reisa totalt kunna bli nesten 40 minutt.

Prinsipp-skisse som viser samanhengen mellom dagpendling og reisetid, der kurva har ein knekk omkring 45 minutt. Samtidig
illustrerer figuren kva som vil vera situasjonen når nye E39 er opna over Stord og Tysnes og Sunnfast er på plass mot
Kvinnherad. Ved midtre kryssing av E39 over Langenuen får vi så lang reisetid mellom Husnes- og Leirvik-områda at dei fleste
ikkje kan akseptera dagpendling, men nokon dagpendlar likevel sjølv om det tek for mykje tid og er for slitsamt.
Dagpendling er brukt her men dette vil også gjelde for samhandlinga generelt mellom kommunane. Ein oppnår ikkje den felles, integrerte bu- og arbeidsmarknaden som er målet for veginvesteringane.

Prinsipp-skisse som viser samanhengen mellom dagpendling og reisetid, der kurva har ein knekk omkring 45 minutt. Samtidig illustrerer figuren kva som vil vera situasjonen når nye E39 er opna over Stord og Tysnes og Sunnfast er på plass mot Kvinnherad. Ved midtre kryssing av E39 over Langenuen får vi så lang reisetid mellom Husnes- og Leirvik-områda at dei fleste ikkje kan akseptera dagpendling, men nokon dagpendlar likevel sjølv om det tek for mykje tid og er for slitsamt. Dagpendling er brukt her men dette vil også gjelde for samhandlinga generelt mellom kommunane. Ein oppnår ikkje den felles, integrerte bu- og arbeidsmarknaden som er målet for veginvesteringane.

Men: Dei fleste som reiser bur ikkje midt i sentrum og skal heller ikkje møta midt i sentrum i den andre kommunen. Og reiser ein med bussen så tek det ekstra tid. Dessutan vil ein ved midtre kryssing måtte leva i mange år med gamal bygdeveg på Tysnes. Så i praksis vil gjennomsnittleg total reisetid typisk vera 36 minutt ved Sørleg kryssing, og nærare 60 minutt ved midtre kryssing, frå ein går ut døra til ein kjem inn døra på andre sida.


Ekstra reisetid får store konsekvensar

Dei ekstra minutta kan bety at reisevegen til jobb, til samarbeidspartnar eller til familie og vener blir opplevd som akkurat litt for lang slik at ein i staden ikkje tek den jobben, eller ikkje besøker den samarbeidspartnaren, eller ikkje stikk innom dei kjenningane, eller ikkje deltek på det arrangementet. Eller at ein mister ein av dei medarbeidarane som er mest å takke for at verksemda framleis klarar seg.

Samhandlinga blir altså kraftig redusert, og då mister ein svært mykje av effekten av veginvesteringa. I NHH/SNF-rapporten «Tørrskodd Vestland» er det eit eksempel der ei reisetid på 65 minutt berre gir 30 prosent av den effekten ein ville fått med reisetid 50 minutt.


Viktig avgjerd skal takast no

Sunnfast er realistisk og vil bli realisert! Midtre kryssing vil opplevast som ein ulogisk omveg, det vil i all framtid sjå rart ut. Berre sørleg kryssing gir korte nok reisetider og dessutan finn Norconsult at ein får meir trafikk inn i E39 og det gir auka samfunnsnytte.

Eit argument for midtre kryssing er at det blir mogeleg å utsetja nokre investeringar, men kostnadene blir dei same som for sørleg kryssing når utbygginga er fullført! Eg forstår at Vegvesenet har sendt inn si reviderte innstilling til Kommunaldepartementet. Avgjerda nærmar seg. Det vil vera eit historisk mistak dersom kortsiktige omsyn fører til ei avgjerd som i vesentleg grad reduserer den langsiktige nytten av nye E39.


Erfaringar viser, litt forenkla og med mine ord:

Mykje folk og verksemder på eit lite område gir størst vekst – fordi reisetidene blir korte.

Dette blir ein «felles, integrert bu- og arbeidsmarknad» som er kjenneteikna av:

· Arbeidstakar kan velja mellom fleire jobbar og ei bedrift mellom fleire jobbsøkarar.

· Jobbane blir fylt av folk med gode kvalifikasjonar som trivst! Alle får arbeid, verksemdene får arbeidskraft, og ein unngår at nokre blir «innelåst» i gal jobb.

· Lettare å ta etterutdaning evt. i kombinasjon med jobb.

· Meir samarbeid mellom verksemdene, dei deler kunnskap, produksjonsutstyr, innovasjonar, marknad, transport-tenester. T.d. vil dei lettare kunne handtera ujamn ordretilgang eller større/spesielle ordrar.

· Meir samarbeid også mellom offentlege organ, organisasjonar og lag osb. Betre tenester, rikare kulturtilbod.

· Betre transporttenester inkl. betre kollektivtilbod.

· Produktivitet og innovasjon aukar.

Fleire verksemder og kvalifiserte arbeidstakarar vil søkja seg til området, også utflytta ungdomar som har fått god utdaning. Veksten er sjølvforsterkande!

Slik vekst gir betre økonomi/høgare levestandard og større jobb-tryggleik, arbeidsglede, framtidstru og ei rikare fritid.

Ein kan få stor vekst også i meir grisgrendte strøk dersom ein kan redusera reisetidene – då vil fleire folk og fleire verksemder «plutseleg» ligga nær nok kvarandre!

Utbygginga av ny E39 har som mål å skapa og knyta saman slike felles, integrerte bu- og arbeidsmarknader.

(Kjelde m.a. SNF-rapport «Tørrskodd Vestland»).


Harald Fatland, sivilingeniør

Oppegård, delvis oppvaksen på Stord

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags