Straumrekninga vår

Av
DEL


MEININGAR:Eit gamalt ordtak seier: «Me kan ikkje lura heile folket heile tida». El-bransjen prøver seg på mange forklaringar, det svirrar med alle slags påstandar om kvifor straumen er dyr, me vert meir og meir forvirra av preiket. Til vinteren skal det bli enno verre, vassmangelen er nær katastrofe, og snøen som smelta i sommar fór stort sett opp i lufta fordi det var så varmt. Ja, nokon bit vel på dette tøvet, det er mest ikkje fordamping frå snø i høgfjella, men me skal «psykast» opp til å tola svær prisstiging framover.

Sat og leika meg med litt rekning, så kan folk flest på ein enkel måte forstå kor stor straumeksporten er ved å visa til nokre døme lokalt. Ingen skal fortelja oss at ikkje det er hovudårsaka til prisauken.

Mauranger kraftverk har to generatorar som til saman produserer 250 MW. (250 tusen kilowatt), og eit vassforbruk på 34 kubikkmeter i sekundet ved full køyring. Når me då gangar opp vert dette: 34x3600x24x365= 1072224000 kubikkmeter vatn på eitt år, dersom maskinane går for fullt kvart einaste sekund heile året. Dei hadde også då selt 2190000 Mw/timar energi.

Eit reknestykke til: I 2017 sende me ut av landet 11325577 Mwh meir enn me importerte. Berre to mnd. hadde me bittelitt meir import enn eksport. Det viser at me sende ut av landet straum tilsvarande ca. fem Maurangerkraftverk på fullt køyr kvart einaste sekund heile året, og brukte vel fem milliardar kubikkmeter vatn i alt. Det vert nokre regndropar av det. Og på utanlandskablane er det ca. fire prosent straumtap.

Det er berre éin grunn til høge prisar, og det er energilova som Stortinget vedtok i 1991. Særleg var Sp-mann og EU-motstandar Eivind Reiten pådrivar for det. Det er greitt, straum er vorten ei eksportvare som olje, aluminium og fisk. Og så kom el-avgifta. Den var ein gong eitt øre, no tjue – ein auke på 2000-prosent, og det vert garantert verre. Det er stort sett kommunar og stat som eig verka, så då får me vona at me alle har nytte av det, dersom det ikkje vert tulla bort i papirflytting og altfor mange store generaldirektør-lønningar.

Når kommunikasjonsleiar i SKL seier at hadde me ikkje hatt utanlandskablane så hadde straumen vore enno dyrare, så må det i beste fall vera feilinformasjon. Ved søk har eg ikkje funne eit einaste år med netto import. Eg har òg «skumma» litt statistikk i sumar, og finn heller ikkje ein einaste dag med netto import der heller. Det vesle me får inn er stort sett på natt, medan det er full fart ut med vasstapping på dagtid.

Alt vatnet me manglar no er selt til utlandet, og som med pengane me har kan det brukast berre ein gong til me skaffar oss nye. Og kanskje kan me lura litt folk iallfall litt av tida til å tru noko anna. Kontrollrekna dersom eg tek heilt feil, og korrigér gjerne om nullane er på villotta heilt. Nullen er for stort tal til å tulla med.


Johs. Bondhus, Dimmelsvik.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags