Svar frå Skyss til eldrerådet

Av
DEL

MEININGAR:

Kvinnherad Eldreråd har sendt brev til Skyss med etterlysing av gode ordningar for billettkjøp om bord på snøggbåtane. Her er svaret:

Vi syner til brevet dykkar 24. oktober og takkar for engasjementet i saka om billettkontrollar på Sunnhordlandsruta. Kollektivreisa er ein viktig del av folk sin kvardag, og engasjementet i billettering og kontrollar er både forståeleg og bra.

Til informasjon kjem om lag 40 prosent av inntektene til kollektivtrafikken i form av billettinntekter, og det å sikre desse inntektene er såleis særs viktig for å kunne halde oppe kollektivtilbodet i fylket. I tråd med politisk sak i fylkestinget i Hordaland, «Prosjekt redusert sniking i kollektivtransporten», har Skyss dei siste åra jobba med ulike tiltak for å sikre inntektene. Billettkontrollar er det viktigaste tiltaket, og ein har både auka talet på kontrollar og måten kontrollane vert fordelte på i høve transportmiddel, geografi og tidspunkt. Dessverre er det ikkje alle reisande som betaler for reisa, heller ikkje på Sunnhordlandsruta. Tal for året så langt tyder på at mellom 3,5 og 4 prosent av passasjerane på Sunnhordlandsruta reiser utan gyldig billett. Om ein legg dette talet til grunn for alle båtrutene i Hordaland, utgjer det om lag to millionar i tapte inntekter for Skyss kvart år.

Etter sommaren har vi hatt fleire billettkontrollar om bord i båt enn tidlegare, for å auke talet på passasjerar som betaler. Den einaste endringa har altså vore talet på kontrollar om bord. Praksisen elles er den same.

Reglementet for pris og rabattordningar for båt legg klare føringar for at dei reisande skal kjøpe reisebevis når reisa startar. Dette gjeld for alle båtsambanda, slik at Skyss har same praksis overalt. Hovudregelen er at alle reisande skal kjøpa billett i billettluka om bord.

Skyss har sidan september 2018 fått om lag seks–åtte klager på gebyr som er gjevne på Sunnhordlandsruta, og i tillegg har det vore eit sterkt engasjement i lokalavisa Kvinnheringen. Vi i Skyss tek både klagene og avisomtalane på alvor, og har gått gjennom rutinane og instruksane saman med kontrollørane. På grunnlag av dette arbeidet har vi kome fram til ulike forbetringstiltak, mellom anna er det no tydelegare kommunisert instruks til mannskap og billettørar om at reisande med særskilde behov skal kunna gje beskjed når dei går om bord om at dei treng hjelp med billettkjøp. Desse vil då få høve til å kjøpe billett frå setet. Vi har eit eige portabelt billettutstyr til dette bruket. Desse portable billettmaskinane har av tekniske årsaker diverre vore vekke frå fartøya den siste tida, men no er dei igjen klare til bruk.

Skyss tek tryggleik på alvor og synest det er svært beklageleg om nokon opplever det som ubehageleg å kjøpe billett på snøggbåtrutene våre. Fartøya unngår så langt det er råd å selje billettar i høg sjø, og utfører heller dette på delstrekningar der det er mindre sjøgang. I grov sjø vil det ikkje bli gjennomført billettsal.

Vi takkar igjen for engasjementet. Vi arbeider kontinuerleg for å gjere tilbodet betre, og er takksame for konkrete innspel. Vi ønskjer dykk gode reiser med Sunnhordlandsruta framover.


Med venleg helsing

Hanne Alver,

leiar i Skyss

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags