«Velferdsmafiaen»

Av
DEL

MEININGAR

Frå mange ulike hald er det kome harde ord retta mot kraftprodusentane og staten sine utanlandskablar. Dei som kanskje har hatt den høgaste røysta mot kraftbransjen, har vore Leif Sande i Industri og Energi og tidlegare informasjonssjef i Statoil, Hogne Hongset. Hongset har skrive ei bok om kraftsektoren som han kallar MAFIELA.

Kven er denne «Mafiaen»? Jo, 90 % av denne «mafiaen» er offentleg eigde kraftprodusentar. Dei betalar selskapsskatt, over 35% grunnrenteskatt, eigedomsskatt og naturressursskatt, i tillegg til å avgi konsesjonskraft og konsesjonsavgift. Som om ikkje det var nok, deler dei også mesteparten av overskotet sitt til deg og meg gjennom utbytte til kommunekassen, fylke og/eller stat.

I tillegg til dei offentleg eigde kraftverka, har det dei seinare åra komme små kraftverk der grunneigarar eig kraftverket sjølv, eller leiger ut vassfallet med privat avtalt heimfall til garden.

Kva blir desse «mafiapengane» brukte til? Jo til minstepensjonistar, sjukeheimar, skular, kultur og andre velferdsordningar. «Velferdsmafiaen» har eit samfunnsbidrag tilsvarande 50-60 milliardar (ifølgje BKK) til kommunar, fylke og stat.

Kven representerer så Hongset og Sande? Jo mellom anna kraftkrevjande industri. Denne industrien har fritak på el-sertifikat til ein verdi på 1,3 milliardar årleg (ifølgje Civita.no), nesten fritak frå el-avgift tilsvarande 5,3 milliardar kroner (ifølgje enerWE), og dei får CO2-kvotekompensasjon på 670 millionar i 2017 (ifølgje Regjeringa). Dei har òg fastpris på straum på om lag 70 % av energiforbruket. Dei er dermed omtrent upåverka av svingingane i straumprismarknaden. Det er så vidt eg finn ut om lag 10.000 arbeidsplasser i denne industrien. Dette utgjer eit avgiftsfritak på i overkant 600.000 kroner per tilsett.

Kven er desse selskapa? Jo: Eitt av dei er Elkem som er eigd 60% av kinesarar. Alcoa, Eramet, Celsa osb. – ja, dei høyrer til kraftkrevjande industri i Noreg, men som namnet seier er dei eigd av utanlandske selskap. Her går sjølvsagt mykje av overskotet ut av landet. Eg synest det er greitt at selskap frå andre land eig i norsk industri på same måte som norske selskap eig i utanlandsk industri. Slik er no verda blitt.

Eg synest det er kjempeflott at vi har politikarar som verdset arbeidsplassane i kraftkrevjande industri og legg til rette for at me framleis skal ha denne industrien i landet vårt.

Det som undrar meg, er at det finst slike som Sande og Hongset og likesinna som til dei grader nyt godt av særordningar til industrien sin, og som rakkar ned på fornybarnæringa som bringer så mykje verdiar til velferdssamfunnet vårt.

Lars Emil Berge,

Styreleiar i Småkraftforeninga

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags