«Forma på innlegget mitt var upassande, og for det legg eg meg flat»

Av
DEL

MEININGARFrode Sæbø hadde eit avisinnlegg i Grenda 13. juni. Skildringa av kor rosenraudt ting er i kommunen kjenner eg ikkje igjen. Døme: Verksemdene på Husnes har problem med lokala og forholda, på fjerde året. Fordi ein på død og liv skulle ha dette i Aksen, trass i initiativ frå rådmann til eige bygg, og påpeiking frå opposisjon at det var eit vanskeleg og trongt alternativ. Vi kunne hatt nytt bygg klart, og det ville blitt rimelegare. Omorganiseringa var eit viktig steg med brei støtte. Det vart gjennomført av rådmannen som seinare vart skvisa i ein kritikkverdig prosess til ein kostnad på fleire millionar. Ordføraren vert «tatt» for omorganiseringa? «Tatt»? Kva meiner Sæbø? Det er rett og slett veldig lite konkret i innlegget – utanom mitt Facebook-innlegg. Dei retoriske spørsmåla om «dei» (vi i opposisjonen) «har sjølvinnsikt», eller om vi nokonsinne har gjort noko for kommunen, er umogleg å ta alvorleg.

Avstanden mellom oss syner igjen: Skarpe politiske motsetnader og polarisering resulterer i tidvis sprikande røyndomsoppfatning. Dette skjer i heile samfunnet – over heile den vestlege verda.

Sæbø tek opp ein skjermdump av eit innlegg eg skreiv på Facebook. Ordlyden var over streken, og eg legg meg i så måte heilt flat. Eg har også sendt ei orsaking til ordførar Slettebø. Eg vil påpeika at det vart lagt ut seint laurdag kveld 1. juni, og fjerna etter nokre timar, då eg innsåg at det var for drygt. Det vart sett fram i ein spesifikk kontekst: Eg var provosert over ordføraren si fest-posting som uttrykte usunt kameraderi som fleire har uttrykt skepsis til, og raljering over politiske motstandarar. Dette var kontekst, eg vart provosert, og då burde eg ikkje posta noko. Forma på innlegget mitt var upassande og for det legg eg meg flat.

Bruken av f-ordet tar seg ikkje ut. Bruken av ordet «korrupt» er uheldig, sjølv om eg berre skreiv «ser korrupt ut». I daglegtale kan det gjerne tyda «tvilsam», «suspekt», men det kan også gje assosiasjonar til straffbart misbruk av posisjon for eiga vinning. Dette var det aldri meininga å antyda. Eg burde skrive «ser suspekt ut» eller «ser lugubert ut».

Eg står ved mykje av meiningsinnhaldet. Ordføraren har tidvis vore splittande, bidrege til polarisering, og sjølv vore ufin med politiske motstandarar. Eg skriv meir i eit Facebook-innlegg på min profil: Den politiske situasjonen, det politiske klimaet og historia i perioden. Det har skjedd mykje bra, men t.d. Kvinnheradpakken vart starta i perioden før og har hatt samrøystes oppslutning. Det gjeld også mange andre prosessar, som omorganiseringa.

Det aktuelle Facebook-innlegget vart brukt på ein utilbørleg måte i eit nyhendeinnslag med Slettebø på TV 2. TV 2 braut tilsvarsretten i Ver varsam-plakaten, og har orsaka dette. Innslaget er fjerna frå TV 2. Orsakinga finn ein ved å søka på «Gaute Lund» på TV2.no, og lesa første avsnitt i artikkelen «– Det som har blitt sagt grenser til løgn».

Mi verdigheit er ikkje for meg til å vurdera. Eg har synspunkt som er på ytterfløya og ein stil som er krass og av og til sarkastisk. Eg er inneforstått med at mange ikkje likar dette. Det må eg leva med. Elles er det opp til folket å vurdera.

P.S. Jostein Røstbø naglar dette på Kvardagsprat under tittelen «Politiske stormkast og «Blame game»

Gaute Lund

Sosialistisk Fellesliste

Artikkeltags