«Unnskyld for at eg har tatt for gitt den kampen kvinner i generasjonar før meg har kjempa»

«Dette gjeld oss alle. Kvinnekampen er ikkje berre for oss kvinner. Dei fleste har ei mor, ei søster, ei tante, ei niese, ei datter», skriv Marte Lie Børve (28) i innlegget.

«Dette gjeld oss alle. Kvinnekampen er ikkje berre for oss kvinner. Dei fleste har ei mor, ei søster, ei tante, ei niese, ei datter», skriv Marte Lie Børve (28) i innlegget. Foto:

Av
DEL

MeiningarDenne teksten blei først publisert på skribenten si Facebook-side 9. mars.

8. Mars

Gratulera?

Då var kvinnedagen her att. Kvinnene sin dag. Min dag då altså? Eg har kjent på ei ambivalent kjensle til denne dagen i månadsvis. Skal eg gleda meg over at me har ein dag til ære for oss?

Det er vanleg å gratulera kvinnene med dagen. Gratulerer er ikkje ordet eg føler for å seia i dag. Ordet eg har hatt som ein klump i magen i desse månadane er UNNSKYLD. Unnskyld for at eg har tatt for gitt den kampen kvinner i generasjonar før meg har kjempa. Unnskyld for at eg ikkje har innsett det før no.

Sint feminist og Erna knockout

Eg vaks opp med den tru, eller misoppfatning kanskje, at eg hadde like rettar og moglegheiter som mine jamnaldrande som tilfeldigvis var fødd med motsett kjønn. Eg tenkte at kvinnekampen var noko som allereie var blitt utkjempa. Feministar såg eg føre meg som sinte, bitre damer som kjefta og smalt kvar gong ein mann tulla med mensen på tv. Eg fann ingen relasjon til dei. Eg meinte me var komne langt.

Me var komne så langt at me har kvinneleg statsministar. Det var eg stolt over. Sjølv om eg ikkje støttar politikken hennar, så var min tanke at det er avgrensa kor gale det kan gå. Eg var overtydd om at grunnverdiane i samfunnet vårt var så sterke at kvinnediskriminerande, rasistisk og skilnadsbehandlande politikk ikkje hadde høve til å vinna fram.

Så kom dagen, dagen der vår KVINNELEGE statsminister valde makt over kvinner si rett til å bestemma over eigen kropp. Det var som å vakna. Vakna av eit hardt slag i andletet. Eit hardt slag frå ei av oss. Kunne det vera mogleg? Eg har forståing for at andre meiner noko anna enn meg i abortsaka. Det eg ikkje kan forstå er at miniatyrpartiet KRF (som ved Dagbladet sitt partibarometer i februar 2018 fekk 2,5 % av stemmene) skal få gjennomslag i abortsaka som eit politisk forhandlingskort for at Erna framleis skal få sitja på makta. Erna heiv kvinner under bussen for eiga vinning. Det kan me ikkje lata gå forbi i det stille.

No må du roa deg, kvinne

Eg vart sjelerysta då eg forstod kor lett styresmaktene kunne ta vekk min rett til å bestemma over eigen kropp. Her hadde eg ingenting eg skulle ha sagt. Sjølv om eg håpar og trur at lovendringa ikkje kjem til å råka meg direkte, så kjende eg det så inderleg på kroppen. Kjenslane som melde seg var avmakt og sinne. Eller sinne er ei underdriving, eg kjende på raseri. Eg hadde mest lyst til å skrika. Skjella ut politikarar, kjefta på heile samfunnet som hadde latt dette skje. Brått gjekk det opp for meg. Eg var blitt lik desse sinte, bitre damene frå kvinnegruppa Ottar som eg ikkje forstod. Som eg til og med hadde ledd litt av.

Eg vart redd og trekte meg. Eg ønskte ikkje å verte sett på som klagete, masete eller slitsom. Ønskte ikkje å vera “ei av dei” som heile tida deler feministiske og venstrevridde saker. For det er mange måtar ein som kvinne kan verte undergrava når ein hevar røysta. Talar du høglydt slike saker får du gjerne netthets og hat. Om du vert opprørt, er du for kjenslevar og dermed er ikkje argumenta dine verd noko. Blir du sint, er du hysterisk. Kven vil høyra på deg då? Er du ingen av delane, då må du vera kald og kynisk. Kven kan då stola på deg? Om du teier, så bryr du deg vel ikkje? Nei, då er det tryggare å sitta heime å fresa til sambuaren sin om all urett i samfunnet vårt.

Ironiens regjering

2018 og 2019 har eg opplevd som nærast surrealistisk. Erna har oppmoda oss om å føda fleire born. Samtidig som ho har lagt abortlova på forhandlingsbordet. Eg opplevde at mykje av debatten ikkje samsvara med realiteten. Eg meiner at realiteten er at ingen andre enn kvinna sjølv kan kjenna kva som er rett for fosteret som veks i kroppen sin.

Men når toppolitikarar kjem med uttalar som «klarer du ein, så klarer du to», skjønar ein brått at kvinnehelse og sjølvråde ikkje er prioriteten. Fosteret er viktigare enn deg som kvinne, og det sine rettar må vernast frå kvinner som for ein kvar pris vil abortera. Som om det er noko kvinner som er for abort har som agenda. Sjuke/ikkje-levedyktige foster, uavhengig av din personlege situasjon; kroppen til kvinner er laga for å produsera born, og den vil derfor aldri heilt tilhøyra deg sjølv. Staten seier at ei nemd er den rette til å ta denne avgjerda for deg.

Erna seier at lovendringa ikkje kjem til å ha noko å seia for kvinner i praksis. Det er vel det klåraste teiknet på at dette var eit spel for å halda på makta. For kvifor skrenka kvinner sin sjølvråderett over eigen kropp i lova, om det ikkje vil gjera ein skilnad i praksis? Erna trur visst me vil la oss narra.

Samstundes som regjeringa har gjeve desse signala har dei kraftig redusert pleiepengeordninga. Så om du ber fram eit pleietrengande born, så kan du enda opp med å velga mellom å ha hovudet over vatn økonomisk eller å pleia det trengande bornet ditt. Når ein høyrer om situasjonar som til døme kvinnene bak bloggen “løvemammaene” står i, så kjenner eg på ei djup fortviling på deira vegne. Kvifor kan ikkje samfunnet vårt ta vare på våre svakaste? Det er iallfall uforståeleg for meg når dei har milliardar å gje i skattelette til dei rikaste av oss. Skilnadane aukar. Likestilling handlar ikkje berre om kjønn.

Likestilling = permisjon?

Det har tidvis framstått som likestilling kun kan utkjempast i permisjonsordninga. Far skal vera likestilt mor. Frå barnet sin sjuande levemånad er det 15 veker med tvungen pappapermisjon. Far skal då fungera som hovudomsorgsperson. Mor har vore gjennom 9 månader graviditet, fødsel, hormoner, amming, vakenetter og alt anna som høyrer med. «No må du skjerpa deg kvinne, og kome deg ut i arbeid att». Samfunnet treng deg, og far er like viktig for barnet som du er; de er like. Nokon har fått for seg at DETTE, dette er likestilling. Nokre kjempar også for fullstendig delt permisjonsordning. Det på trass av statlege helsetilrådingar om f.eks amming. Likestilling er «ikeverd, like muligheter og like rettigheter», men kan ein oppnå dette med å dela alt på midten når dei fysiske forholda ikkje er like? Det blir som å setta ein i rullestol, og ein med friske bein foran ei trapp og sei «versegod kom dykk opp», for tilhøva er like for dykk begge. De er no likestilt. Og før nokon arresterer meg på sammenlikninga: Eg veit det er drøyt, men poenget er at bornet sitt første leveår ikkje er arenaen for å utkjempa “alt likt for alle”-type likestilling, då det aldri vil kunna vera like fysiske og psykiske premissar.

For nokon fungerer det å dela permisjonen likt, andre treng meir tid. Alle familiar er ulike. Den tredelte ordninga med 15 veker tvungen pappapermisjon som no er innført, gir mindre rom for familiar til å finna løysningar som passer dei. Poenget er ikkje at far ikkje skal ha permisjon eller rettar, men problemet er at løysninga for mange kvinner og familiar, vert at kvinna tek ut ulønna permisjon. Noko som går ut over kvinna si inntekt, pensjonsparing og dermed rettar. Kan ein då framleis kalle dette ein seier for likestillinga?

Lik lønn og like moglegheiter, ein illusjon?

Det finst så mange område ein kan jobba med likestilling på, kva med å gje desse same merksemd som permisjonsordninga? Her kunne ein vore innom mangfaldige emner, som overgrep, trakassering, helseforsking osv. Om ein til dømes tek ein nærare kikk på typiske «kvinne» og «manne» -yrke så er det framleis store forskjellar der. Eg er sjølv utdanna sjukepleiar. Kanskje eit av dei meir utprega «kvinne»-yrka. Eg gjekk tre år på eit krevjande studie. Eg opparbeida meg fagleg kunnskap, erfaring og tyngde. Eg jobbar i eit yrke som har enorm betydning for samfunnet. Helse treng me alle. Det er stor og aukande sjukepleiarmangel i Norge, samtidig maktar ikkje stat og kommune å legga fram faste fulltidsstillingar som er ønska. Arbeidskvardagen som sjukepleiar er tidvis like belastande som den er givande. I mitt yrke ser ein at arbeidsbelastning, turnusvilkår og helserisiko ikkje er gjenspegla i lønn. Dette er noko ein i mannsdominerte yrke, som til dømes oljebransjen, ikkje har godtatt, og ein har fått mykje betre vilkår. Dette kjenner eg at provoserer meg. For dessverre er ikkje dette ekstraordinært for mitt yrke. I veldig mange yrke heng kvinner bak menn når det gjeld lønn, faste heiltidsstillingar, og leiarposisjonar. Statistisk sentralbyrå har klare tal som visar at lik utdanning ikkje gir likestilling i form av likelønn. HER trengs det tiltak og siger for likestilling.

Høyrde eg deg rett?

Eg både les og høyrer kvinner og menn som kjem med utsegn som vitnar om at me har lang veg å gå i likestillingskampen. Det kan vera ting som «Du har valt yrkesveg sjølv», «dei har det verre andre stadar, me har mest likestilling i verda». Til deg vil eg seia: Innhent informasjon og prosessér den før du uttalar deg slik. Ikkje alle kan ha topp betalte leiarstillingar i privat sektor, det er behov for folk i alle yrke. Det er så uendeleg bakstreversk å ikkje prøva å få det betre fordi det er verre andre stadar. Det same gjeld å ikkje unna kommande generasjonar å få det betre fordi me har det godt nok. Godt nok er ikkje godt nok! Eg opplever at likestillinga har gått bakover det siste året, og det er på tide å vakna.

Dette gjeld oss alle. Kvinnekampen er ikkje berre for oss kvinner. Dei fleste har ei mor, ei søster, ei tante, ei niese, ei datter. Då synest eg du skal tenkja over det Arnulf Øverland skreiv i diktet «Du må ikke sove»: «Du må ikke sitte trygt i ditt hjem og si: Det er sørgelig, stakkars dem! Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer dig selv».  Stå opp for dei som ikkje maktar, sei i frå for dei som ikkje klarar. Start med deg sjølv, og skap eit likestilt samfunn for oss alle.

Nettroll og 8. Mars tog

Det sit langt inne å skriva eit slikt innlegg. Eg kjenner på eit behov for å bli likt. Eg ønskjer å seia kva eg meiner, men vil helst at alle skal vera einige med meg. Når ein ser kva hets folk mottek på nett for å ytra meiningane sine no om dagen, så freistar det ikkje mykje å stikka hovudet fram. Det er krenkefest, kverulantar, sinnataggar og nettroll som luskar i kvart eit kommentarfelt. Ein kan verte både oppgitt, deprimert og fortvila av mindre. MEN eg kan ikkje med æra i behald sjå på dotter til sambuaren min og seia «Nei beklagar, eg kjempa ikkje for rettane dine fordi eg ønskte at alle skulle lika meg».

Her om dagen tok eg meg sjølv i å ønskja at eg budde i ein by, slik at eg kunne gå i eit tog i dag. Slik at eg kunne stått på barrikadane, ropa og skrike. Skrike for alt dette eg er sint for, for all urettferda. Samstundes vart eg umåteleg trist over at det kjennest naudsynt å måtta stå på barrikadane i 2019. Eg må det, me må det. Me skuldar dei som gjorde det før oss. Dei som gav oss moglegheit til å stemma, moglegheit til å ta kva utdanning me ønsker, moglegheit til å halda på med idrett, moglegheit til å bestemma over eigen kropp. Det høyrest heilt absurd ut når ein legg det fram slik, men det er ikkje så lenge sidan. Vegen tilbake er så alt for kort (trur du meg ikkje så anbefaler eg deg å sjå serien Handmaids tale). For å fullføra diktet til Øverland "Jeg roper med siste pust av min stemme: Du får ikke lov til å gå der og glemme!".

Eg fann trøyst i eit engelsk ordtak, men i fare for å framstå for klisjeaktig, så vel eg å ta det på nynorsk:

Sterke kvinner. Kjenn dei. Ver dei. Oppdra dei.

Marte Børve, 28 år og nysint feminist

Artikkeltags