«Sats på verdas bygdekvinner»

Av
DEL

MEININGAR15. oktober er det FN sin internasjonale bygdekvinnedag. Bygdekvinnelaga i Noreg vil vise sin solidaritet med bygdekvinner i resten av verda ved å markere denne dagen. I hundre år har bygdekvinner i Norge arbeida for å betre kvinner sine kår, mattryggleik, ernæring og likestilling. Her heime er vi heldigvis komne langt. I mange andre land står det att eit stort stykke arbeid. For svært mange kvinner i verda er kvardagen framleis ein tøff kamp for å overleve og å sikre nok og næringsrik mat til seg og sin familie.

Bygdekvinner i fattige land møter systematisk kjønnsdiskriminering. Dette gjer dei dårlegare stilt når det kjem til både helsetenester, utdanning, eigeskap over eigedommar og ressursar, samt rett til demokratisk makt. At kvinner gjennomgåande har dårlegare tilgang på ressursar, gjer også at dei er meir sårbare når klimaendringar og ekstremvær skapar vanskelegare og meir usikre dyrkingsforhold. Samtidig står kvinnene for meir enn 50 % av den landbaserte matproduksjonen i verda. FN sin organisasjon for mat og ernæring (FAO) har rekna ut at dersom kvinner fekk dei same moglegheiter i landbruket som menn, ville talet på dei som svelt i verda bli redusert med 100-150 millionar. Likestilling er med andre ord avgjerande.

Norges Bygdekvinnelag sitt internasjonale engasjement har ført oss til Guatemala, der vi samarbeider med Utviklingsfondet for å styrke kvinner sine kår. Her har vi fått erfaring med korleis det å satse på bygdekvinner kan ha stor utviklingseffekt for fattige lokalsamfunn. I kvinnegruppene som partnarane våre etablerer, får kvinnene ny kunnskap, byggjer opp sjølvtillit og lærer av kvarandre, slik at dei står sterkare saman. Gjennom opplæring i bærekraftige landbruksteknikkar og betre tilgang til næringsrike og lokalt tilpassa plantesortar, står kvinnene og deira familie betre rusta. Slikt utviklingsarbeid gir gode resultat.

Her i Norge lanserte regjeringa i juni i år ein handlingsplan for bærekraftige matsystem. Denne fortel korleis vi i vår utviklings- og utanrikspolitikk skal bidra til global mattryggleik gjennom å satse på bærekraftig matproduksjon og småskala matprodusentar. Auka variasjon av matvekster, betre jordbruksfagleg kunnskap, klimatilpassing og auka verdiskaping frå eigen produksjon, er noko av det som vert lagt vekt på i denne handlingsplanen. Ifølgje regjeringa er det ein viktig føresetnad for å lukkast, at kvinnene si rolle i matsystema vert anerkjent.

Vi er einige i at dette er riktige prioriteringar. Men gode planar må følgjast opp med konkrete tiltak. Når vi markerer verda sin bygdekvinnedag, vil vi i Omvikdalen Bygdekvinnelag oppmode regjeringa til å synliggjere denne satsinga gjennom auka midlar over statsbudsjettet, og at 50% av pengane som går til dette formålet rettast spesifikt mot kvinner. Berre slik kan vi ta bygdekvinnene i heile verda og deira kamp for likestilling og mattryggleik, på alvor.

Esther Falk

Leiar i Omvikdalen Bygdekvinnelag


Artikkeltags