Godt norsk bygg!

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL
MEININGAR:iv>


Mange gamle tradisjonar hamnar av ulike grunnar i gløymeboka etter kvart som samfunnet utviklar seg og folk ikkje bruker dei lenger. Ein av tradisjonane som absolutt ikkje fortener å bli gløymt, er bruken av bygg i Noreg. På verdas matvaredag den 16. oktober aksjonerer derfor Norges Bygdekvinnelag for å auka bruken av norsk matbygg.

Kvart land har ansvar for å produsera mat til eiga befolkning så langt som råd er. Dette har vore eit sjølvsagt politisk mål i dei fleste land i lange tider, og er no forsterka av FN sine berekraftsmål. Berekraftsmål 2 seier at vi innan 2030 skal utrydda svolt, oppnå global mattryggleik, betra ernæringa og fremja berekraftig landbruk. Det er ikkje lite. Berekraftsmåla gjeld alle land i verda, ikkje berre dei fattige landa. Berekraftmåla forpliktar også Noreg.

Dei siste tiåra har vi sett aukande import av matvarer til den norske marknaden. Ein del mat som vi ikkje kan dyrka her i Noreg, må vi sjølvsagt importera. Men det er òg eit stort rom for å auka produksjonen av somme norske matvarer, og dette bør vi nytta oss av.

For å produsera så mykje mat som mogeleg og å nå dei landbrukspolitiske måla Stortinget har sett, må vi bruke alle ressursane i landet. Sidan matjord ikkje kan flyttast, må vi gjera det beste ut av ressursane akkurat der dei ligg. Bygg er eit nyttig og robust korn som er godt tilpassa det norske klimaet, og som ein kan dyrka i store deler av landet. Auka byggproduksjon vil bidra til både god ressursutnytting, arbeidsplassar i distrikta, og ivaretaking av det vakre kulturlandskapet som kjenneteiknar store delar av Noreg. Ikkje minst vil auka inntak av bygg, som er eit sunt kornslag rikt på kostfiber, kunna ha ein positiv verknad på folkehelsa.

Bygg er ein hardfør kornsort og var difor eit vanleg kvardagskorn i gamle dagar. Då blei det først og fremst brukt til flatbrød og graut. Med det moderne kjøkkenet ser vi eit breiare mangfald av mogeleg bruk av bygget. Ein kan blanda det i brød, pizza og andre deigar, tilsetja det i supper og gryter, bruke det i salatar eller wraps, og nytte det som erstatning for både ris, pasta og couscous. Det er altså mange måtar å bruke bygg på, og dette er helsekost på sitt beste.

Det er faktisk mogeleg å produsera meir kortreist og miljøvenleg mat her i Noreg, som også er både sunn og god. Dette kan vi forbrukarar støtta ved å kjøpa bygg og å spørja etter det i butikken.

Den 16. oktober feirar vi i Omvikdalen Bygdekvinnelag det flotte, norske bygget med å dela ut informasjon og varebyggprøvar med oppskrifter ved butikkane Coop Prix i Rosendal og Coop Extra på Husnes. Du er hjarteleg velkommen innom!


Grethe Brundtland,

Omvikdalen Bygdekvinnelag.

Artikkeltags