– Det løner seg å halda kjeft dersom ein vil oppnå fordelar frå dei som styrer

Av

Stormkast i nye Lundsvegen.

DEL

Det var vettig gjort av rådmanen å trekkja PFU-saka mot Grenda. Slike tullesaker skulle ikkje kommunen ha brydd seg det minste om, til og med dra inn eit profilert advokatfirma. Den rekninga vert ikkje liten, kven tek den? Oss skattebetalarane sjølvsagt.

Den vesle meiningsutvekslinga som har vore mellom nokre naboar til vegen og kommunalt tilsette, også i eit litt kvast lesarbrev, det får ein jamen tola. Sjå på kva enkelte politikarar seier og får gjennomgå! Og rådmenn, både her og der! Å verta skulda for løgn er no so, men det spørs korleis samtalane har vore òg, usanning hadde vel passert? Kommunetilsette kan vel, som oss andre, verta oppkava av og til og seia så ymse. Då må dei hugsa på at dei er tenestemenn som er løna av oss, og kanskje ikkje alle av dei e rflinke til å ordleggja seg når dei «tek» noko frå oss. Når noko nytt skal byggjast er det diverre slik at nokon vert råka, men i dag skal jo det erstattast skikkeleg. Når Sigbjørn Øye seier i avisa at det er rådmannen som har ansvar for det som er sagt, så er vel det formelt rett, men han kan ikkje sitja «på ryggen» til alle tilsette og passa på. Er òg einig med Øystein Stray Spetalen som har sagt at me er for redde å seia meininga vår – altfor mange er feige. Det løner seg å halda kjeft dersom ein vil oppnå fordelar seinare frå dei som styrer.

MEININGAR:

Eg har òg inntrykk av at grunneigarane ikkje har hatt gode nok advokatar til å forhandla. Det første kommunen må gjera når dei skal «ta» noko er å gi beskjed til dei råka at dei må skaffa seg den beste advokaten som er å få fatt i. Ikkje alle er flinke nok til å klara dette på eiga hand, det er altfor vanskeleg å sjå for seg sluttresultatet. Grunneigarane har jo fri advokat.

Så synest eg det er rart at det er kommunen som forhandlar. I det som eg har vore borti er det Statens vegvesen som forhandlar om grunn til fylkesveg.

Elles kjenner eg berre saka frå avisene og kommunen si postliste, som er interessant, morosam og lærerik om kommunen sitt arbeid, og somme tider tragisk for enkelte innbyggarar. Og enno ein gong gratulerer eg med eit kjempeflott veganlegg.


Johs. Bondhus,

Dimmelsvik.

Artikkeltags