Store mistydingar ute og går

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ragnhild Tvedt hadde nyleg eit innlegg i Kvinnheringen som omhandla Kvinnherad kommune si støtte til Hydro, i samband med at verksemda kan få meir enn 40 millionar i auka utgifter til Statnett. Tvedt spurte i sitt innlegg om det var rett at Kvinnherad kommune sine innbyggjarar kunne få langt høgare straumrekning når kommunen no støtta Hydro. Ordførar Peder Sjo Slettebø og leiar i Husnes Kjemiske Fagforening, Ørjan Normann, forklarar i kvar sine innlegg under sine syn i saka:


Peder Sjo Slettebø, ordførar:

I denne saka er det forståeleg nok store misforståingar, og eg skal prøva å oppklara saka kort:

Statnett har lagt fram eit nytt forslag til fordeling av kostnader knytta til straumnettet. Det er i hovudsak det vi kallar transmisjonsnettet dette dreier seg om (det vi vanlege kundar for det meste betalar nettleige for er regionalnett og distribusjonsnett, dette er det Haugaland Kraft/Kvinnherad Energi/Fjelberg Kraftlag som eig i vårt område).

Fordi nettet i Noreg må oppgraderast aukar nettleiga alt etter kor oppgraderinga blir gjort. No er det Statnett som skal oppgradera, og då må Hydro betala meir. Dette hadde dei rekna med, og har ikkje protestert på det. Problemet med forslaget til Statnett er at dei føreslår å ta vekk ein rabatt som storforbrukarar av straum har hatt. I dag har Hydro denne rabatten. Forsvinn den, samstundes som det skal betalast ekstra for oppgraderinga av nettet, blir den kostnaden veldig høg på kort tid.

Visst Hydro skal behalda denne rabatten, betyr det at kostnadane må fordelast på alle brukarane av nettet (transmisjonsnettet, ikkje regional og distrubusjonsnett som vi betalar for) og sidan det er mange i heile landet blir det ein marginal auke fordelt på alle, framfor ein eksplosiv auke for dei få storkundane som til dømes Hydro. Det er altså på ingen måte snakk om å fordela disse 40 millionane på 13.000 kvinnheringar.

Det kommunestyret sa, er at vi ynskjer at dagens kostnadsfordeling på nett blir vidareført. Dette har ingenting med ACER å gjera. Dette er fordi nettet i Noreg må utbetrast.


Ørjan Normann, leiar Husnes Kjemiske fagforening:

Hydro bidrar til å holde nettet stabilt, ved å «avta» konsistent last i nettet, 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Dette har Statnett vore svært klar på er viktig og økonomisk sparande for nettet. Derfor har vi pt. lågare tariff enn annan industri. Sjølv om dette ikkje har endra seg, vil no Statnett endra på korleis tariffen vert rekna. Her er eit par utdrag frå Statnett si pressemelding om nettariffen 2015-2018:

«Tariffmodellen differensierer tarifferingen av store forbrukskunder etter nettmessig nytte. Tariffen sikrer en samfunnsøkonomisk fornuftig fordeling av finansieringen av de nødvendige investeringene i neste generasjon sentralnett.»

«Store forbrukere med stabilt forbruk er viktig for å sikre god forutsigbarhet i planlegging og drift av sentralnettet.»

«Stabilitet i forbruket er verdifullt for nettet, både ved at systemdrifts-kostnader kan holdes nede og ved at et mer stabilt forbruksmønster gir grunnlag for et lavere investeringsbehov over tid.»

Ingenting av dette har endra seg!

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags