Gå til sidens hovedinnhold

Melde om snøskred: – Folk må vera forsiktige

Kvinnherad lensmannskontor mottok torsdag melding om eit mindre snøskred i Myrdal-området nedanfor Melderskin.

Torgeir Fosse ber folk som skal ut på tur vera forsiktige.

– Dette er eit populært skiområde, spesielt på våren. Folk som har tenkt seg ut på toppturar bør vera forsiktige, og helst lesa seg opp og vurdera forholda før ein legg ut på tur. I området ved Myrdalsvatnet er det mange bratt plassar. Det er absolutt ein fare for at det kan gå ras, seier Fosse.

Og legg til:

– Det handlar om å bruka sunn fornuft, oppmodar han.

NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) har fredag ute gult farevarsel for snøskred i Hardanger-området.

Les også

Arresterte mann mistenkt for omsynslaus åtferd overfor eks-sambuar

Kommentarer til denne saken