Dei tre siste åra har Sven–Helge Pedersen i Hardangerfjord villfisklag hatt ansvaret for å samla inn fisk til Genbank Hardangerfjord, ein levande genbank for vill laks og sjøaure. Fiskefamiliar tilhøyrande 22 ulike vassdrag mellom Stord og Sima får med jamne mellomrom fødselshjelp av Pedersen og medhjelparane hans. Genmaterialet blir per i dag oppbevart på IMS i Rogaland som avkom frå den innsamla foreldrefisken. Overskotet blir sett tilbake i elvene der foreldrefiskane kom frå som rogn om våren og seinare på sommaren som yngel. Målet er å samla inn fisk frå omlag 40 familiar av kvar art, laks og sjøaure, i vassdraga, og oppbevara desse trygt i genbanken til utfordringane i fjordsystema er over. Opprettinga av genbanken blei vedteke som ei løysing på ein lang drakamp om å fastsetja ei eiga forskrift for oppdrettsverksemda i Hardangerfjorden. Miljødirektoratet forklarer bakgrunnen for fiskegenbankar med at det er påvist særtrekk med genetisk bakgrunn hos norske laksebestandar, særtrekk som vert karakterisert som genetiske tilpassingar til lokale miljøforhold.
«Kryssing med rømt oppdrettsfisk kan føra til at desse tilpassingane vert endra. Det er difor viktig å sikra arvematerialet frå dei einskilde bestandane», skriv direktoratet på heimesida si.
Men etter at vedtaket først blei gjort, har lite gått av seg sjølv.
– Det har vore mykje fram og tilbake dei siste åra. Det mest kritiske punktet var då regjeringa bestemte å skrinleggja heile prosjektet, og til og med føreslo at alt innsamla materiale skulle bli destruert. Då såg det svart ut, seier Pedersen.
Hår i suppa
Slik gjekk det ikkje. I revidert statsbudsjett i fjor vart det vedteke å løyva fire millionar til ei førebels vidareføring av genbanken. Og då Ola Elvestuen (V) tiltredde som klima– og miljøminister i januar, meldte han kort tid etterpå at Genbank Hardangerfjord skal realiserast.
– Ei gledeleg og svært fornuftig avgjerd. Det handlar jo om erkjenning og aksept for at ein faktisk påverkar naturlege forhold med aktiviteten sin, og at ein har ei plikt til å gjera noko med det. Norge har internasjonale forpliktingar til å ta vare på dei unike stammane våre, og det skulle berre mangla at vi gjer det, seier han.
– Kvifor har det vore så mykje fram og tilbake, trur du?
– Det har jo kome ein overraskande stor motstand frå sterke miljø mot genbanken, og ikkje minst har lobbyismen inn mot sentrale politiske miljø vore sterk. For meg er det vanskeleg å forstå at genbanken skal vera ei utfordring for nokon, i alle fall ikkje på andre måtar enn at den er ei erkjenning av at situasjonen i Hardangerfjorden er dårleg. Men sjølv dei største oppdrettsforkjemparane bør jo ha interesse av at villfisken blir bevart for framtida, så motstanden er nokså uforståeleg.
– Nokon påpeikar at pengane burde vore brukte på andre tiltak?
– I forhold til dei enorme summane næringa omset for, er summane til genbanken ein drope i havet. Eg skulle ønskja motstandarane heller ville sjå den som eit verdfullt tiltak i staden for eit problem. Men det er nærast som om det har blitt eit prinsipp for einskilde å vera imot Genbank Hardangerfjord.
– Kan det handla om andre ting òg? Som at det er nettopp deg som har ansvaret?
– Eg ville ikkje blitt overraska. Eg har jo lenge vore eit «hår i suppa» for oppdrettsnæringa, fordi eg seier høgt kva eg meiner om påverknadane den har på miljøet og korleis den ter seg i høve til desse. Eg har ein sterk motivasjon i å få tilbake livet i vassdraga i Hardangerfjorden slik det éin gong var.
‒ Må erkjenna problema
– Men har du forståing for at næringa opplever seg urettvist motarbeidd, samanlikna med andre næringar som også set sine spor?
– Nei, eg har inga forståing for det, for forskjellen her ligg i tilnærmingsmåtane til problema. Ja visst har òg kraftutbyggingar påverka livet i elvene, men kraftbransjen har både hatt strengare restriksjonar, òg vist større vilje til, å gjera noko med problemet. Mellom anna ved ulike kompenserande tiltak i vassdrag, syta for minstevassføring og så bortover. Oppdrettsnæringa har ikkje hatt slike restriksjonar, og den har heile tida fått lov til å forskottera vinsten av tiltaka den har gjort. Summen av miljøbelastingar den står for overskrid langt på veg tiltaka næringa har sett i verk, meiner han, og legg til:
– Vi veit at fleire tilhøve påverkar fisken, men dei verkelege problema kom med oppdrettsnæringa sin framvekst. Vi såg galskapen på tidleg 90–talet då elvene våre gjekk fulle av for tidleg tilbakevente luseskadd sjøaure. Bestandane har aldri klart å reisa seg igjen etter dette.
– Finst det løysingar, slik du ser det?
– Næringa må regulerast langt strengare, og lukka anlegg burde etter kvart vera eit krav til einaste driftsform. Inntil ei omlegging har funne stad, kan det ikkje vera snakk om vekst. Men først og fremst må næringa erkjenna problema den skapar, og visa at den tar desse problema på alvor. Den erkjenninga synest å sitja langt inne hos enkelte i næringa framleis, sluttar Pedersen.
Skeptisk til Granvin-forsking
Sven-Helge Pedersen seier han er uroa over at landet har fått ei næring som er så pengesterke at dei kan setja sin eigen agenda.
Nyleg kom det ein rapport frå eit videoovervakingsprogram utført i Granvinsvassdraget i 2017 av Anders Lamberg og Skandinavisk naturovervåkning, som viste over 4.000 fisk i elva (sjå eiga sak). I TV–programmet «Den fantastiske villaksen» på NRK1 uttala Sven-Helge Pedersen at han berre hadde sett to fisk i same vassdraget denne sommaren.
– Det var det som var tilfellet, vi fekk ikkje auge på fisk nærast i det heile. Og det er nettopp i Granvinsvassdraget vi har slitt mest med å få tak i laks til genbanken. Ein stor del av laksen her er anten rein oppdrett eller avkom etter oppdrett som har vakse opp i elva. Etter tre år med innsamling har vi ein urovekkande høg del oppdrettslaks i det innsamla materialet, seier han.
– Kva tenkjer du om tala som kjem fram i rapporten, då?
– Rapporten syner at berre ein mindre del, 800 fisk, var kjønnsmodne fisk. Resten var såkalla «blenkjer», altså småfisk, der store delar av desse sannsynlegvis aldri kjem til å bli gytefisk på grunn av luseproblematikken. I rapporten har ein ikkje drøfta potensialet som er i Granvinsvassdraget, dette er kanskje berre ein tiandedel av all fisken som eigentleg har pleidd å vera der. Heller ikkje den historiske utviklinga med lusesituasjonen tilbake i tid er drøfta, seier han, og legg til:
‒ Som eit godt døme på situasjonen har det aldri vore seld så få fiskekort til dette vassdraget som i 2017 på grunn av at det er så lite fisk der. Trenden er lik over heile Hardangerfjorden. Og midtre Hardangerfjorden er aller hardast råka.
Videoovervakingsprosjektet er finansiert av Lingalaks og Tombre–gruppen, og innleiingsvis i rapporten står det at mange i oppdrettsnæringa no har gått saman for å ha sitt eige teljeprosjekt framover i fleire ulike vassdrag. Dette uroar Pedersen.
– Mi uro er at vi har fått ei næring med slike ressursar at den ser seg tent med, og er i stand til, å skapa si eiga røynd der målet er å så tvil om, og flytta fokuset bort frå, eksisterande forsking, som ikkje alltid gir dei svara næringa ønskjer seg, sluttar han.
Viktig at vi handlar no
Klimaminister Ola Elvestuen (V) var ikkje i tvil då han tiltredde i regjeringa i år: Genbank Hardangerfjord må realiserast.
Etter det regjeringa skildra som kostnadsoverskridingar for Genbank Hardangerfjord i 2016, avlyste den byggeplanane, og vedtok at genbankprosjektet ikkje skulle vidareførast. Men Venstre har heile vegen tala varmt for prosjektet, og kort tid etter at partiet blei med i regjering i år, kom meldinga om at genbanken likevel skal byggast.
– Dette fordi tilstanden for laksebestanden er så dårleg i Hardangerfjorden at viss vi ikkje gjer noko no, er det stor fare for at vi mistar stammane for alltid. Det har blitt samla inn genmateriale over fleire år, og no var det heilt avgjerande at vi handla tidsnok, medan det enno er mogleg å gjera noko, seier klima– og miljøminister Ola Elvestuen (V) til Kvinnheringen.
Han seier at ein reknar med ei investering på rundt 60–65 millionar kroner, noko som skal takast i budsjettet over fleire år.
– Kva har endra seg sidan det no likevel er vilje til å redda genbanken?
– I budsjettet for 2018 er det løyvd auka bevillingar til vasstiltak, så då er Genbank Hardangerfjord høgt prioritert, i lag med ein del andre prosjekt. Vi har internasjonale forpliktingar i høve til å ta vare på fiskestammane våre, så dette er det ingen tvil om at vi skal gjennomføra, sluttar ministeren.