Grensa går ved første «nei»

NEI ER NEI: – Vi er nøydde å læra oss å seia nei. Kanskje folk sluttar då, seier Vilde Teigen. Oppe f.v: Vilde Teigen (19), Madel Borgen (18), Tore Jan Sønstabø (18) og Trym Vårdal (19). Nede f.v: Amalie Tungesvik (19) og Erlend Fredheim (18).

NEI ER NEI: – Vi er nøydde å læra oss å seia nei. Kanskje folk sluttar då, seier Vilde Teigen. Oppe f.v: Vilde Teigen (19), Madel Borgen (18), Tore Jan Sønstabø (18) og Trym Vårdal (19). Nede f.v: Amalie Tungesvik (19) og Erlend Fredheim (18). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Grensa går med éin gong du seier nei. Held den andre fram med å pressa på, er grensa kryssa, seier russ Madel Borgen (18).

DEL

#metoo «Eg hugsar best ein episode frå då eg var i slutten av 20-åra. Eg var på konsert saman med venner i eit fullt lokale. Under konserten vart plutseleg ullgenseren min trekt opp frå ryggen, og ein vaksen mann la sin fuktige, erigerte penis inn på min bare rygg, og heldt meg så hardt inntil seg at eg ikkje kunne bevega meg bort eller komma meg unna. Utruleg audmjukande å få sæd frå ein framand mann utover ryggen, inne på konsert, utan å kunne stoppa det. Eg skamma meg over å ha vore så uforsiktig. Det var i grunnen det verste at eg skamma meg så forferdeleg».

I underkant av to veker har 108 personar svart på #Metoo-undersøkinga til Kvinnheringen, og 39 av dei har delt si historie om seksuell trakassering. Slik Kvinnheringen les det har minst ni av tilfella oppstått i samband med alkohol.

Må fram i lyset

– Det er viktig at seksuell trakassering kjem fram i lyset. Norge er eit høgt utvikla land, men det er viktig å hugsa at slike ting skjer likevel, og at folk får vita om det, seier Madel Borgen (18).

Borgen er russ i år, og Kvinnheringen tok ein prat med ho og fem andre russ om seksuell trakassering i tilknyting til alkohol.

– Ja det er bra folk seier ifrå, men eg er redd det kan bli misforstått. Det blir ikkje stilt spørsmål i etterkant. Folk kan mista jobbar og få øydelagt liva sine, for noko ein ikkje veit om stemmer. Kor går grensa, liksom? spør Tore Jan Sønstabø (18).

Og kor går grensa? #Metoo-debatten har gått føre seg sidan før jul, og for fleire har det hatt store konsekvensar.

– Eg meiner grensa går ved første nei. Gjer nokon noko ubehageleg mot deg og du seier ifrå, men dei ikkje stoppar, er grensa nådd, seier Borgen.

– Det hjelper dei som har opplevd det før, dei kan føla støtte når dei ser at andre står fram. Det er også lettare å skriva ein emneknagg med «metoo», enn å konfrontera personen det gjeld, seier ein annan russ, Erlend Fredheim (18).

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken