«Vi er mange som vil følgja spent med for å sjå om valløfta er meir verdt i dag enn for fire år sidan»

Av
DEL

MEININGARDet vert interessant å sjå korleis det går med matsaka etter valet. Så vidt eg har registrert, går alle parti inn for at det skal verta kjøkken og middagsproduksjon på alle institusjonane. Berre dei får stemma di! Dette er heilt i samsvar med slik partia ved fleire høve har røysta når saka har vore oppe i kommunestyret dei siste åra.

Under kommunestyremøtet den 29. august spurde Jostein Saghaug frå MDG om korleis det går med tilbakeføring av middagsproduksjonen til institusjonane. Kommunedirektøren kom med eit langt svar, men med ein kort og fyndig konklusjon:

På bakgrunn av budsjettramma er det ikkje prioritert å arbeida vidare med å tilbakeføre middagsproduksjon til alle sjukeheimane i kommunen i denne planperioden.

Ikkje eit ord om dei statlege tiltaka som er komne til for å hjelpa kommunane med å (gjen)innføra institusjonskjøken. Ikkje eit ord om dei politiske signala som er gitt av kommunestyret gjennom fleire klåre vedtak dei siste fire åra. Ikkje eit ord om at dagens ordning belastar verdfull arbeidstid for pleiepersonalet, som heller ikkje er fagutdanna til å stå for middagstilbereding. Særleg ikkje for dei som er svært sjuke og som treng noko ekstra i matvegen. Eller at storproduksjon av middag i sentralkjøkken ikkje er den optimale løysinga, dersom målet er frisk, næringsrik og mest mogeleg nykokt middag. Rett og slett berre eit einsidig forsvar for ikkje å gjera noko med saka.

Så når valet er over og kvardagen melder seg, med ulike prioriteringar og budsjettførebuingar, vert det spanande å sjå kven som eigentleg styrer i Kvinnherad. Vi er mange som vil følgja spent med for å sjå om valløfta er meir verdt i dag enn for fire år sidan.

Per Ove Kviteberg

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags