«Kvifor skal vi tru på at Høgre vil samarbeida med Arbeiderpartiet for å få dette til i den komande perioden?»

Av
DEL

MEININGAREtter eit kjapt søk i Kvinnheringen sitt arkiv finn eg eit lesarinnlegg frå 9. februar 2015 der eg på vegne av Arbeidarpartiet skriv om vår visjon for middagsproduksjon på institusjonane våre i framtida.

I våre alternative budsjettforslag har Arbeidarpartiet føreslått kvar gong at vi skal byggja kjøken på Rosendalstunet. Og kvar gong har vårt forslag blitt nedstemt.

Kommunestyret har bede om, og blitt lova, utgreiing for lokal matproduksjon på institusjonane fleire gonger. Kommunestyret ventar framleis på utgreiing.

Så det er veldig hyggjeleg å lesa at leiaren i Høgre tek til orde for å få i gang middagsproduksjon på institusjonane våre i neste kommunestyreperiode. Men er viljen verkeleg til stades? Kvifor skal vi tru på at Høgre vil samarbeida med Arbeiderpartiet for å få dette til i den komande perioden?

Det viktige er ikkje alltid kva ein lovar i valkampen, men kva ein kan visa at ein har jobba for over tid.

Arbeidarpartiet har ikkje gitt opp håpet om å få fleirtal for kok-servér. Velkommen til konstruktivt samarbeid, Høgre!

Hilde Enstad,

ordførarkandidat Arbeiderpartiet

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags