Gledesspredarane er ei ungdomsgruppe under Kvinnherad Frivilligsentral, som ønskjer å spreia glede på ulike vis. Denne gongen ønskjer dei å ha fokus på miljøet.
– Me har alle ein del klede i skapet som anten veks eller krympar, eller som me av ein eller annan grunn ikkje brukar. Me ynskjer deg velkomen til å bytta desse kleda mot andre klede som andre av ein eller anna grunn ikkje brukar. Ein vinn-vinn situasjon; me sparer miljøet og økonomien! skriv gruppa i omtalen på Facebook.
Byttedagen blir på føremiddagen, og reglane er enkle og få. Alle som vil delta kan ta med seg opp til sju klesplagg, og levera desse til frivilligsentralen i morgon ettermiddag torsdag 5. april, eller på morgonen rett før arrangementet laurdag 7. april. Kleda må vera vaska og i god stand. For kvart plagg du leverer inn vil du få ein byttelapp som fungerer som betaling under arrangementet.
– Sjølv om all bytting skal vera gratis, vil me nytta høvet til å selja nokre lodd til inntekt for gledesspredarane sitt engasjement, og me vil ha kiosk med kaffi, kaker og digg. Så ta gjerne med kontantar! oppmodar Gledesspredarane.
Slike klesbyttedagar er tydelegvis i vinden for tida, for på tysdag kveld neste veke, 10. april, arrangerer Omvikdalen bygdekvinnelag eit liknande opplegg i Dalheim. Her kan ein levera inn maks tre plagg til vaksne, og maks ti plagg til barn.