Gå til sidens hovedinnhold

Mini-nyhendequiz: Vinn ryggsekk fylt med kjekke Kvinnheringen-effektar

Viss du har lese Kvinnheringen den siste tida skal du ha gode føresetnadar for å klara denne vesle quizen!

Spørsmåla i denne miniquizen er basert på nyhendesaker som har stått i avisa den siste tida (også papirutgåva). Klarar du alle fem, kan du senda svara dine til redaksjon@kvinnheringen.no, og merka e-posten med «quiz» i emnefeltet.

Vi trekker ut fem vinnarar som får gode tursekkar med Kvinnheringen-logo, Kvinnheringen-paraply og andre kjekke Kvinnheringen-effektar i.

Her kjem spørsmåla:

1. I kva land skal handballspelaren Tina Abdulla spela landskampar i starten av oktober?

2. Kva heiter den daglege leiaren for Salmon Eye, som heldt føredrag under Kvinnheradkonferansen?

3. Svein Ingvald Opdal og Elisa Helland-Hansen har nettopp investert 600.000 kroner i noko på huset sitt. Kva?

4. Kristian Hus har nyleg gitt ut ei bok om ei lokal familiebedrift. Kva heiter boka?

5. Kor mange vêrlam deltok under kåringssjå i Rosendal søndag 26. september?

Siste frist for å delta er tysdag 5. oktober.

Les også

Han er tilsett som ny fabrikksjef på Hydro Husnes

Kommentarer til denne saken