Gå til sidens hovedinnhold

Minnemarkering for 22. juli i Husnes kyrkje

Torsdag denne veka er det 10 år sidan bombeangrepet på regjeringskvartalet og masseskytinga på Utøya.

Dagen vil bli markert over heile landet, på forskjellig vis.

I Husnes kyrkje vil dagen bli markert med ei minnegudsteneste, med ein enkel liturgi og fin musikk.

– 77 liv gjekk tapt. Eit målretta angrep på demokratiet, på mangfaldet, på ungdomen. Eit angrep på heile landet – på alle som bur her. Den gongen var kyrkja tydeleg til stades. Det er ho også no, og alltid. Vi vart alle råka denne dagen. Det er viktig å minnast, og ikkje gløyma det som hende. Velkomen til kyrkja, helsar prestevikar Åse Selsvold.

Du finn meir informasjon på nettsida kvinnherad.kyrkja.no eller på Facebook.

Kommentarer til denne saken