Gå til sidens hovedinnhold

Mintest vesle Lojain i båthamna

Artikkelen er over 1 år gammel

Familien til den vesle jenta som så tragisk mista livet etter å ha hamna i sjøen i Husnes båthamn, inviterte måndag til ei minnestund ved ulukkesstaden.

Det var vesle Lojain Kasem på 3,5 år som mista livet etter den tragiske ulukka i Husnes båthamn torsdag.

Lojain, som var frå Syria og budde med familien sin i Tyskland, var på sommarferiebesøk hos besteforeldra sine på Husnes då det forferdelege råka.

Måndag ettermiddag inviterte familien til Lojain alle som ville til ei minnestund i båthamna.

Mange møtte opp og la ned blomar. Det blei òg tent lys og bede ei bøn, og familien uttrykte takksemd for all medkjensle i sorgen.

Familien opplyser at gravferda skal finna stad i Tyskland.

Kommentarer til denne saken