Jobbar for null mobbing

Brede Grønningen jr. (t.v.) diskuterer løysingar for å forhindra mobbing med gruppa si.

Brede Grønningen jr. (t.v.) diskuterer løysingar for å forhindra mobbing med gruppa si.

Av
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Uansett kor lite mobbing det er på skulen, så er det for mykje, seier elevrådsleiar på KVV, Brede Grønningen jr.

Førebygging og avdekking av mobbing stod på planen når Mari-Kristine Morberg, mobbeombod i Hordaland fylkeskommune, var på besøk på KVV sist måndag. Her hadde ho møte med både lærarane og elevrådet.

Då Kvinnheringen stakk innom var temaet digital mobbing, og krenkingar på nett. Deretter vart dei delte inn i grupper for å diskutera kva elevrådet, klassen, skulen og tilsette kan gjera for å forhindra at elevar vert mobba.

– Når elevane grip inn og seier frå, stoppar mobbinga opp i dei aller fleste tilfelle, seier Morberg.

Ho peikar òg på at straffelova ikkje skil mellom digital og fysisk mobbing.

– De har ei viktig rolle, og kan skapa gode situasjonar og seia ifrå om mobbing, seier ho til elevrådet.

– Det er de elevane som veit og ser kva som skjer på skulen, og de kan ta ansvar. Har du det i deg? Eg trur de har det, avsluttar ho.

– Ekkelt problem

Elevrådsleiar Brede Grønningen jr. syntest føredraget var nyttig.

– Eg trur mange sit igjen med mykje, og at det no vert lettare å kjenna att situasjonane som vi har drøfta i dag, og ta tak i dei. Det viktigaste er at ein veit kvifor nokon vert mobba, og korleis ein kan hindra det. Viss alle fortel vidare til klassane sine det vi har snakka om, vil dei fleste på skulen ha den same kunnskapen, seier han.

– Er mobbing eit stort problem på KVV?

– Vi har ikkje veldig høg mobbeprosent på skulen, men det er eit ekkelt problem, og det er alltid noko. Det vil nok vera umogleg å nå null prosent, men det er det målet vi jobbar mot. Uansett kor lite mobbing det er, er det for mykje, seier Grønningen.

– Kven sitt ansvar er det å forhindra mobbing?

– Det er alle sitt ansvar. Alle som ser noko bør gjera det dei klarar for å forhindra det. Viss alle gjer sitt, kjem vi utruleg langt, seier elevrådsleiaren.

Artikkeltags