– Mobbing er så skadeleg at ein kan mista sjølvkjensla si

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevNo er skulestart for nye og gamle elevar snart rett rundt hjørnet. Det har blitt snakka mykje om mobbing i sosiale medium, og det same går igjen og igjen: Kvart år høyrer vi om ungdommar som gruar seg til å starta på skulen igjen etter sommarferien, fordi dei veit kva som ventar. Det skal ikkje vera slik at elevar gruar seg til å gå tilbake på skulen, og derfor er det så viktig at skulen er ein trygg plass å gå til! Er det noko alle barn og ungdommar har krav på i Norge, så er det ein trygg og grei skulegang. Det gjer meg vondt å tenkja på at det ikkje alltid er slik for alle.

Vi vil nok ikkje få ein slutt på mobbinga, men viss vi er vitne til mobbing, så må vi bryta inn og stoppa det! For det å mobba ein person er faktisk ikkje greitt. Den gylne regelen er slik: «Det du vil at andre skal gjera mot deg, skal du gjera mot dei». Bodskapen i denne linja er klinkande klar. Det verste ein person kan gjera mot nokon, er å slenga kommentarar. Å få slengt stygge kommentarar etter seg kan bli med personen resten av dagen, og kanskje livet. Så la vera å seia stygge ting til nokon, for då er du med på å trykka den personen ned.

Kva rolle har ein elevrådsrepresentant? Jo, det er å sørgja for at medelevane har det bra og trivst i klassen. Men det viktigaste av alt er at personen skal føla seg trygg. Ein elevrådsrepresentant er ein som tar medelevane på alvor, som respekterer dei, og ein som tar mobbing på alvor. Og når det kjem til elevrådet, så skal det òg vera sett saman av medelevar du kan gi beskjed til om nokon blir plaga, slik at dei kan gi beskjeden vidare til ein lærar. Det å seia ifrå til ein vaksen er utruleg viktig. Det er ikkje noko negativt med det – du er i staden med og hjelper ein annan person. Den einaste måten å få status og respekt på etter mi meining, er å faktisk tora å bruka stemma si viss ein ser nokon som blir plaga, anten om det er i skulegarden eller i klasserommet.

Skulen er den første starten vår i «arbeidslivet», og der skal ingen bli utsett for mobbing, plaging eller utestenging. Når vi kjem til skulestart er det derfor viktig at du, viss du ser noko står åleine eller ikkje har nokon å snakka med, er eit «lys» for den personen. Ver ein ven. Hjelp den personen som blir utestengt eller som ikkje har nokon å vera med. For mobbing er så skadeleg at ein kan mista sjølvkjensla si. Og det å ikkje føla at ein er verdt noko, kan på sikt få fatale konsekvensar for den det gjeld. Vi har ingen å mista.

Eg ønskjer nye og gamle elevar lukka til med skuleåret til hausten. Måtte du oppleva godheit og tryggleik, og kjenna på at du blir sett og at du har ein verdi!

Bjørn Ove Rydningen

Artikkeltags