15 år gammal jente fekk grove, anonyme meldingar via mobil-app

Her ser du skjermbilde av nokre av dei stygge, anonyme meldingane den 15 år gamle jenta fekk via appen Sarahah. (Illustrasjonsbilde: Vidar Håland).

Her ser du skjermbilde av nokre av dei stygge, anonyme meldingane den 15 år gamle jenta fekk via appen Sarahah. (Illustrasjonsbilde: Vidar Håland).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Mobbing via mobilen:«Heng deg sjølv», «Fittestygge jævla dritt», «Du er jæævla slutty» og «Stygge ekle fittehore» er berre nokre av dei grove meldingane ei 15 år gammal jente frå Kvinnherad har fått. Meldingane er sendt anonymt, via ein mobil-app som heiter Sarahah.

– Det som skremmer meg mest, er holdninga til ungdommane. Dei snakkar stygt til kvarandre, og har ikkje respekt. Dei meiner at har du først lasta ned appen, så må du også tola dei meldingane som kjem. Dei meiner det er greitt å skriva slike grove ting, og tenkjer ikkje over konsekvensane, seier mora til jenta til Kvinnheringen.

Mora til jenta som fekk desse stygge meldingane, har også høyrt om mange andre liknande episodar i Kvinnherad.

– Mange blir utsett for mobbing på denne måten, og mobbarane kan like gjerne vera ungdommar du aldri hadde trudd kunne gjera slikt. Eg har heldigvis ei jente som pratar med meg om det, men tenk på alle dei som kvir seg for å snakka med foreldra sine? Éi jente eg snakka med lurte på korleis ho kunne få hjelp til å handtera ei sak utan at foreldra hennar fann ut av det. Eg trur det går mykje på skam hos ungdommane, og at det er derfor dei ikkje vågar å fortelja om kva dei har blitt utsette for.

Mora seier til Kvinnheringen at ungdomsskulen som jenta går på har teke tak i saka, og at politiet har vore involvert.

– Politiet har sagt at det kunne fått svært alvorlege juridiske konsekvensar om vi hadde meldt dette.

Ho meiner at barneskulane også bør vera klar over at den stygge språkbruken mellom barn startar tidleg, og vera observante. På ein barneskule i kommunen kallar dei eldste ungane kvarandre for «tapar», «bitch», «idiot», og seier ting som «Du er søppel» eller «Satans tulling» til kvarandre.

– Vaksne må følgja med. Ungane er på nett og kommuniserer med kvarandre 24/7, og det kjem heile tida nye appar og plattformar. Eg synest alle ungdomsskulane bør forby bruk av mobiltelefon i skuletida. Då avgrensar ein problemet litt, i det minste.

– Tenk over konsekvensane

Politiet seier dette med mobil-mobbing er eit aukande problem over alt.

– Ungdom har tilgang til mobilar og sosiale medium heile tida, og brukar mykje tid der. Det dukkar stadig opp nye plattformar, og det gjer det svært vanskeleg for foreldre å kontrollera kva som blir skrive og delt av ungdommar. Eg trur derfor at å snakka med ungdommar og byggja relasjonar til dei er det viktigaste foreldre og vaksne kan gjera, seier fungerande politioverbetjent Torgeir Fosse.

Han rådar unge til å gi beskjed til nokon dei stolar på, om det er foreldre eller ein lærar, så snart så råd viss dei opplever ubehagelege ting på nettet.

– Det er lettare å ordna opp og ta tak tidleg, før ting eskalerer.

Fosse seier det virkar som om mange ikkje tenkjer over konsekvensane av det dei skriv og deler.

– Ein bør tenkja seg godt om: Er dette noko eg kunne sagt eller delt med vedkommande ansikt til ansikt? Viss svaret er nei, bør ein ikkje skriva det heller. Politiet har metodar for å finna ut kven som har skrive kva, sjølv om det er anonymt. For den som blir ramma kan det vera veldig alvorleg, og i tillegg kan den som skriv og deler slike ting få strafferettslege reaksjonar av ulik art, alt frå bekymringssamtalar med politiet, til at dei får det på rullebladet. Sistnemnte kan seinare få konsekvensar for utdanning og reiser/visum til andre land.

Fosse oppmodar vaksne til å jobba med haldningane til unge i dag. Kva er greitt å seia eller gjera mot andre? Korleis ville du reagert om nokon gjorde dette mot deg?

Klar over problemet

Appen Sarahah blei utvikla i Saudi-Arabia. Utgangspunktet var ifølgje NorSIS (Norsk senter for informasjonssikring) ein app arbeidsplassar kunne bruka slik at tilsette kan gi anonyme tilbakemeldingar til sjefen. Dessverre har blir appen brukt med heilt andre føremål, skriv VG.

– Det er ein kanal for å hetsa folk anonymt. Eg prøver å vera teknologioptimist, men her vil eg at folk skal tenkja seg om, seier seniorrådgivar i Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS), Hans Marius Tessem, til VG.

Appen Sarahah blei lansert i sommar, og sjølv om anbefalt aldersgrense er 17 år, er det likevel langt yngre barn som har installert den, skriv NRK Rogaland. Tenesta legg til rette for å søkja opp kven som helst, forutsett at dei er registrerte i appen. Gjennom appen er det også enkelt å dela meldingane vidare på ein annan SoMe-app som er svært populær blant unge, nemleg Snapchat.

Utviklerane bak appen seier til VG at dei er klare over utfordringane bak Sarahah.

– Dessverre er muligheten for misbruk av digitale plattformer ei utfordring for alle desse plattformane. Sarahah tar dette svært seriøst, og vi har gjort fleire tiltak for å takla dette, og kjem til å gjera meir, skriv ein talsperson for appen i ein e-post til VG.

Fakta om Sarahah:

Sarahah er ein app på telefonen til å senda anonyme tilbakemeldingar.

Den er utvikla av ein gründer i Saudi Arabia, og blei populær sommaren 2017. Først i arabiske land, men så fekk ungdommar i USA augo opp for appen. September 2017 hadde nærmare 100 millionar personar lasta ned Sarahah, ifølgje Wall Street Journal.

I Norge som i resten av verda har Sarahah sidan lansering i sommar figurert høgt på topplistene, ifølgje digi.no.

Sjølv om du registrerer deg med namn og epost, er du anonym inne på appen. Anbefalt aldersgrense i Appstore er 17 år, men likevel installerer langt yngre barn appen på mobilen sin.

Andre appar foreldre bør vita om:

Jodel er ein app som lar deg senda ut anonyme meldingar som alle innanfor avsenderen sitt geografiske område kan lesa. Dette har gjort at fleire har brukt appen for å senda trugslar mot både personar og bygningar.

Snapchat lar deg ta bilde og video som du enkelt kan senda til dei på kontaktlista di. Mottakaren kan berre sjå bildet i nokre sekund før det blir vekke. Likevel er det enkelt for kyndige å lagra bilda utan at avsender får vita om det.

Facebook har etter kvart blitt godt kjent som verdas største sosiale nettverk på nett.

Kiwi og Ask.fm er begge appar der brukarane kan laga profilar, og stilla kvarandre spørsmål og svar. Brukarane kan sjølv velja om dei skal vera anonyme eller ikkje når dei poster meldingar. Dette har gjort at mange har misbrukt tenestene til å driva mobbing og trakassering.

Moviestarplanet er ei blanding av eit sosialt nettverk og eit nettspill frå Danmark. Det er retta mot barn fra 8 til 11 år og kan også spelast på ei datamaskin.

Instagram kan brukarar laga seg ein konto og dela bilde. Du kan sjølv velja om innhaldet du deler skal vera offentleg, eller berre vera frå godkjente følgjarar. Ein kan også lika og kommentera innhaldet andre har lagt ut, følgja andre brukarar, og senda direktemeldingar.

(Kjelde: NRK Rogaland).

Artikkeltags