Ny mobil-app skal få fleire ut på tur

Appen til DNT skal gjera det lett å registrera turar og skriva seg inn i turbøker digitalt.

Appen til DNT skal gjera det lett å registrera turar og skriva seg inn i turbøker digitalt.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I går lanserte DNT mobil-appen «Sjekk UT», som også Kvinnherad Turlag har bidrege til.

For at gleda med friluftsliv skal fengja fleire, og kanskje spesielt dei unge, har DNT no laga ein eigen tur-app til mobiltelefonen din, heiter det i ei pressemelding. Den heiter «Sjekk UT» og kan lastast ned til smarttelefonen din gratis i App Store og Google Play. Ved hjelp av denne appen kan du sjekka inn digitalt og signera digital gjestebok på turpostar, sjå turpostar nær deg på kart, og ta bilde og dela på sosiale medium. Appen inkludert kart og innsjekking fungerer også når du er offline, altså utan internettdekning. Kvinnherad Turlag og andre turlag rundt om i heile landet har bidrege til innhaldet i appen. Her lokalt har turlaget i første omgang lagt ut ei liste over dei 16 turmåla i Fjelltrimmen, og i tillegg ei liste over hytter i Kvinnherad. I samband med «Opptur» for 8. trinnet finst også ei liste som heiter «Opptur i Kvinnherad, i tillegg til einskilde turmål i kommunen. Kvinnherad Turlag skriv i pressemeldinga at det heile tida framover vil leggja ut nye lister med aktuelle turmål, med noko for ein kvar smak.

Om appen

Den nye Sjekk UT-turapplikasjonen til DNT blir ein digital versjon av turboka, der ein kan registrera seg med namn på fjelltoppar, turpostar eller hytta ein går til. Konseptet er enkelt, og registreringa skjer digitalt i appen. Når ein er innanfor 50 meter frå turmålet, blir moglegheita for å kunna sjekka inn aktivert. I tillegg vil ein òg kunna leggja igjen helsingar og bilde. Alt vil vera synleg så lenge ein er innanfor 50 meter frå det aktuelle turmålet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags