Modige talent boltra seg på scenen
Artikkelen er over 2 år gammel
Laurdag ettermiddag var det tid for forestillinga «Modige talent». 23 born og ungdomar serverte ei variert og festleg forestilling med dans, eventyr, sketsjar, song og ei boblande avslutning. Kjekt å sjå såpass unge aktørar sprudla på scenen. Aktørane fekk til slutt ståande applaus og gode ord frå ordføraren. Applausen gjaldt nok også hovudansvarleg Karianne Solheim og dei gode hjelparane hennar. Under finn du bilde frå forestillinga, og til slutt i denne teksten finn du link til førehandsomtalen Kvinnheringen laga om forestillinga: https://www.kvinnheringen.no/toffe-barn-er-klare-for-show-dei-har-laga-veldig-mykje-sjolve/s/5-27-241113
Du har nå sett Modige talent boltra seg på scenen