Sjekk gjengen som dukka opp på Valen!

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Eit uvanleg følgje var å sjå på Valen torsdag ettermiddag, då heile 27 veteranmopedar dukka opp hos Anne Marie og Magne Hamre på Valen.

Følgjet starta på Haukeli på onsdag, og hadde køyrt til Røldal og Odda og vidare til Utne, Kvinnherad og Valen, der dei tok ein kaffipause hos Anne Marie og Magne Hamre. Årsaka er at svigersonen deira, Jon Strøm, er med i veteranmoped-gjengen. Dei 27 karane på tur kjem frå to klubbar; Bøpeskruen mopedlag og Dammen og Omegn mopedklubb. Dei har reist på ein slik årleg tur saman i 13 år no, sidan 2005, og har vore rundt om kring i heile landet. Etter kaffipausen på Valen skulle dei vidare til Skånevik, Lysebotn, over til Dalen og avslutta på Haukeli igjen.

– Det er årets høgdepunkt dette her! Vi har det utruleg moro saman når vi er på tur, sa ein av karane då Kvinnheringen møtte dei.

– Vi får mykje merksemd når vi køyrer rundt på desse gamle mopedane. Spesielt frå «gubbar» som hadde liknande mopedar då dei var unge. Det vekker gamle minner, smiler Jon Strøm.

Den eldste mopeden i følgjet var ein 1954 Tempo Handy.

Anne Marie og Magne tok godt vare på mopedkarane før dei drog vidare, og serverte både nytrekt kaffi og fleire kaker.

Artikkeltags