Morsdagskonkurranse: Fortener mamma di noko ekstra?

Mange av oss har eit spesielt forhold til mødrene våre. No får du sjansen til å gjera litt ekstra stas på mor di viss du deltar i konkurransen vår! (Illustrasjonsbilde: Colourbox).

Mange av oss har eit spesielt forhold til mødrene våre. No får du sjansen til å gjera litt ekstra stas på mor di viss du deltar i konkurransen vår! (Illustrasjonsbilde: Colourbox).

Send oss nokre ord om kvifor mor di fortener ein ekstra hyllest, så kan du vinna blom og kake til ho på morsdagen!

DEL

Mange mødrer er suverene kvardagsheltar. Dei gir vilkårslaus kjærleik, står på og ofrar seg for ungane sine og familien.

Derfor vil vi i Kvinnheringen ha ein konkurranse, der premien er ein blomebukett og ei kake til ein verdi av til saman 1000 kroner som du kan gi til mor di på morsdagen.

Send oss eit bilde av deg og mamma di, saman med nokre setningar om kva ho har gjort for deg og kvifor akkurat ho fortener noko ekstra.

Send til redaksjon@kvinnheringen.no innan måndag 3. februar for å vera med i konkurransen!

Artikkeltags