Gå til sidens hovedinnhold

Morsdagskonkurranse: Vinn kake og blomar til mor!

Søndag 14. februar er det morsdag. Send oss nokre ord om kvifor akkurat di mor fortener ein ekstra hyllest, så kan du vinna blomar og kake til ho!

Mange mødrer er suverene kvardagsheltar. Dei gir vilkårslaus kjærleik, står på og ofrar seg for ungane sine og familien.

Kvinnheringen vil gi ei ekstra påskjøning til ei mor som er spesiell, anten ved å vera eit godt forbilde, eller fordi ho har gjort noko ekstra for barna sine eller familien sin.

For å bli med i konkurransen må du gjera følgjande:

Send oss bilde av deg og mor di saman, og ein tekst om kvifor du meiner akkurat di mor fortener å vinna. Mora vi trekker ut som vinnar, får ei flott kake og ein fin blomebukett. Hugs fullt namn på både deg sjølv og mamma, og kontaktinfo.

Frist for å delta i konkurransen er tysdag 9. februar, og du sender inn bidraget ditt på e-post til redaksjon@kvinnheringen.no.

Vi vil òg samla ein del av bidraga og presentera dei, og ved å delta i konkurransen vår godtar du òg at bidraget ditt kan bli brukt i ein bildeserie på nettavisa og på trykk i papiravisa.

Her kan du sjå fjorårets helsingar:

Bildeserie

Hyllar mødrene sine – les alle dei flotte bidraga vi fekk inn til morsdagskonkurransen vår her

Her er fjorårets vinnar av morsdagskonkurransen:

Les også

Lone blei mamma som 16-åring – då gjorde Trude noko heilt spesielt for dottera

Kommentarer til denne saken