Abel er den tredje artisten som skal opptre på gratiskonserten i Skålafjæro, der alle strandryddarane blir heidra etter sin frivillige innsats. Torsdag denne veka skipar Rein Hardangerfjord til ein gigantisk ryddeaksjon frå ytst til inst i Hardangerfjorden.

Frå før av er det kjent at Emma Steinbakken og Stina Talling står på scenen. Abel er siste mann ut av dei tre fredag kveld.

– Ein imponerande ryddeaksjon kulminerer i gratiskonsert for alle som vil i Skålafjæro. Fredag feirar Morten Abel dei nyreine og fabelaktige fjordane våre. Emma Steinbakken og Stina Talling sender kvar sin lissepasning til Abel, som dundrar inn hit på hit. Eit deilig trekløver av godmusikk blomstrar i hamna mellom Gurine og Folgefonnsenteret, melder ein som vanleg entusiastisk Daidalos Dahle i Kvinnherad kommune torsdag ettermiddag.

Rein Hardangerfjord er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire kommunar i området.

Slik er programmet:

18.00: «Dørene» opnar

18.15: Takkefilm

18.30: Emma Steinbakken

19.20: Utdeling «Fjorden Ung Miljøpris»

19.30: Stina Talling

20.30: Morten Abel