Ønskjer ein møteplass for pårørande

Christin Sund veit korleis det er å vera pårørande til nokon som er alvorleg sjuke, og har kjent på saknet etter ein møteplass der ho kan snakka med andre i same situasjon. No tar ho initiativet til ein møteplass for pårørande.

Christin Sund veit korleis det er å vera pårørande til nokon som er alvorleg sjuke, og har kjent på saknet etter ein møteplass der ho kan snakka med andre i same situasjon. No tar ho initiativet til ein møteplass for pårørande.

Artikkelen er over 1 år gammel

Christin Sund ønskjer seg ein møteplass for pårørande og etterlatne i Kvinnherad, og håpar å få med seg fleire eldsjeler. Onsdag 5. april inviterer ho til idédugnad.

DEL

Sund er sjølv pårørande til nokon med alvorleg kreftsjukdom, og trur det er eit behov for ein slik møteplass.

– Som pårørande blir ein både fortvila og mentalt sliten av å ha alvorleg sjukdom så tett på seg, utan å vera den som er sjuk. Sjølv har eg kjent på saknet etter å møta andre i same situasjon for å kunna snakka om det ein opplever, spørja spørsmål og lytta til andre sine erfaringar, fortel Sund.

Ho vil at gruppa eller møteplassen skal vera ein plass der ein hentar energi, får bekreftelse og forståing.

– Det er ei stor sorg å sjå den nære bli sjukare og svakare, og samtidig skal ein «halda fortet» og ikkje belasta den som er sjuk med eigne be-kymringar. Ein kan ha mange ulike reaksjonar, og lurer gjerne på om det ein føler er normalt.

Ideen om ein møteplass er heilt i startgropa, og i første omgang har Sund teke initiativ til eit første møte. Denne idédugnaden blir onsdag kveld 5. april, i lokala til Kvinnherad Frivilligsentral. Meir informasjon vil bli lagt ut på ei eiga hending på Facebook.

– Då får eg sjå om det er interesse for det, og kva pårørande har behov for. Kva er det folk treng i ei slik gruppe? Er det berre å møtast for ein uformell prat, eller er det behov for å kalla inn profesjonelle som held føredrag, til dømes? Eg tenkjer vi kan kartlegga dette på ein slik idédugnad, seier Sund, og oppmodar dei som vil vera med og dra tiltaket i gang om å stilla på møtet.

Artikkeltags