Har du idear til kva dette området kan brukast til? Då bør du stilla på idédugnad

Kommunen vil sjå på kva spennande som kan gjerast med dette området utanfor biblioteket og kinoen på Husnes. (Foto: Kvinnherad kommune).

Kommunen vil sjå på kva spennande som kan gjerast med dette området utanfor biblioteket og kinoen på Husnes. (Foto: Kvinnherad kommune).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Kvinnherad kommune har fått ein betydeleg pengesum i støtte for å sjå på om ein kan etablera ein møteplass i Husnes sentrum, og inviterer til idédugnad på biblioteket på Husnes tysdag ettermiddag. Gjennom arbeidet med planprogrammet for regionsenteret Husnes kom det nemleg innspel om å få til attraktive møteplassar for å styrka sentrumsfunksjonen, og kommunen har eit konkret område mellom Husnes kino og biblioteket som ein ønskjer å sjå på om kan utviklast. Alle som har innspel og idear til kva som kan gjerast med dette området, er velkomne til idédugnaden på tysdag, der det også blir kaffi og noko å bita i. Kommunen vil også ha med ein arkitekt som kan hjelpa til i arbeidet.

Artikkeltags