Marius får køyra Superbike-finale i Tyskland

Marius Ripel Jensen har berre køyrt i Superbike-klassen i éin sesong. Då er det stort at han får delta i den tyske meisterskapen. (Arkivfoto).

Marius Ripel Jensen har berre køyrt i Superbike-klassen i éin sesong. Då er det stort at han får delta i den tyske meisterskapen. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Norges Motorsportforbund har trekt ut husnesingen Marius Ripel Jensen som ein av seks som får køyra IDM-finalen på Hockenheim-banen i Tyskland.

DEL

Marius Ripel Jensen konkurrerer denne sesongen i Superbike-klassen i roadracing, og har fått svært mange flotte plasseringar. Nyleg kom gladnyhenda om at han er trekt ut til å delta i finaleløpet i den opne tyske meisterskapen i Superbike helga 29. september til 1. oktober, på den legendariske Hockenheim-banen i Tyskland. Det overraska det unge roadracing-talentet:

–Å bli trekt ut til å få køyra der nede er ganske stort. Det er vel eigentleg ikkje noko eg hadde sett for meg at eg kom til å få lov til med det første.  Men dette betyr enormt for meg, og kan hjelpa meg mykje fram i tid. Det er ekstremt høgt nivå der nede, så kva plassering eg satsar på er ikkje godt å seia enno, fortel han til Kvinnheringen.

Det kostar pengar å driva med denne typen motorsport, og sjølv om husnesingen har mange sponsorar blei han glad då søstera starta ei kronerulling på nettet for å gi han økonomisk støtte til å reisa til Tyskland:

– At søster mi Ann Therese har starta kronerulling hjelper meg noko vanvittig, eg hadde ikkje klart meg utan all den støtta folket og sponsorane gir meg. Ei race-helg kostar meg rundt 30.000 kroner, fortel Ripel Jensen.

Men før turen til Tyskland ventar NM-finalen i Superbike-meisterskapen på Rudskogen til helga. Det er poenga gjennom heile sesongen samanlagt som blir avgjerande, og Ripel Jensen håpar på pallplasering.

– Det blir ei spenstig helg på Rudskogen  med mykje action, så eg må prøva å komma meg ganske høgt på pallen. Vi har litt forskjellig nytt vi skal prøva ut på sykkelen, så får vi berre håpa at det fungerer som vi har tenkt, seier Ripel Jensen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags