Gå til sidens hovedinnhold

Motorsyklist skal ha køyrd av vegen og rulla ned skråning

Alle naudetatar rykte ut Uskedalen etter melding om ein motorsyklist som hadde køyrd av vegen og rulla ned ei skråning.

Ulukka skjedde søndag like før kl. 16.

Den mannlege MC-føraren var vaken og prata, men skal ha rulla ned ei skråning etter å ha falle av motorsykkelen sin.

Kvinnheringen fekk opplyst av operasjonssentralen at mannen truleg ikkje var hardt skadd, men at han klaga over smerter.

Ulukka skjedde ved Ljosnes, og ingen andre køyretøy var involvert.

Motorsykkelen ligg ved vegskuldera, og bilistar kan passera ulukkesstaden.

Les også

Båtsalet til over 1,5 million enda med søksmål og erstatningskrav

Kommentarer til denne saken