Vi bad lesarane våre senda oss sitt beste minne frå Festidalen, og éin av dei som sendte inn var med i konkurransen om to helgepass til årets festival som skjer siste helga i juni. Vi fekk inn fleire fine historier, men det var spesielt éi juryen fall for og som blei plukka ut som favoritt:
– Mitt beste minne frå Festidalen er frå 2016. Det var litt vått det året, så regnjakke og støvlar var på. Men vi var så heldige at sola kom etter kvart! Plutseleg møtte eg på ein kar som eg har kjent sidan barndomen. Han blei veldig paff, for han kjente meg ikkje igjen der eg stod og snakka med søster hans. Vi fann raskt tonen, og den dag i dag er vi sambuarar! skreiv Hanne Christensen.
Sambuaren heiter Jostein Yri. Dei to får altså sjansen til å gå på Festidalen i år òg, fordi Hanne sendte oss dette koselege minnet.
Kvinnheringen skulle gjerne delt ut fleire helgepass, men håpar dei andre som deltok i konkurransen uansett vil kjøpa seg billettar! Tusen takk for alle bidrag.