
Ms. President 2020/21: Frida lét ikkje nokon bli ståande utanfor
Glad i folk
Frida Nilsen er 18 år gamal og bur med familien sin på Valen. Heime er ho den eldste av tre søsken, og er sjefen også i søskenflokken. Utanom skule jobbar ho deltid på butikken på Valen – og i den kommunale bufellesskapen i Kaldanesvegen på Husnes.
– Det er litt rart, men på fritida er eg interessert i heilt andre ting enn eg er interessert i på skulen, seier ho, og fortel at det ho likar aller best er å vera med folk.
På skulen er ho derimot spesielt interessert i realfag, som ho også har valt å fordjupa seg i.
– Matematikk, naturen, verdsrommet, alt det der. Eg synest det er veldig interessant, seier ho.
– Men eg ser ikkje for meg at eg skal jobba med desse faga på eit kontor. Eg vil kombinera interessa for fag med å vera med folk, så det kan godt henda eg blir lærar, seier Frida, som rett nok har heilt bestemt seg for kva ho vil bli.
– Men eg stressar ikkje med det, smiler ho.
For å få til dette har årets russekull fått mykje forskjellig å velja i, og Frida og resten av styret har organisert ei rekke aksjonsgrupper (ikkje sosiale grupper), der alle kan finna noko etter sin smak:
– Vi har til dømes éi gruppe som skal jobba med revy, éi som skal laga noko gøy rundt innsamlingane til kreftsaka, éi som skal prøva å laga avis. Og så vidare. I tillegg har vi eigne ansvarlege for ulike ting, som til dømes PR, foto og festar.
Nytt av året under Frida sitt regime er ein eigen inkluderingsansvarleg.
– Eg har sett dei har hatt det fleire stader. Eg håpar det fungerer, og at vi unngår at russekullet deler seg opp i mindre grupper.
Koronaruss
Nytt av året er også smittevernansvarleg. Covid-19 kjem nemleg til å setta sitt uungåelege preg også på dette årets russefeiring.
– Det er kjipt, men sånn er det. Vi skal følga smittevernreglane, seier Frida bestemt, men legg likevel ikkje skjul på at dette kan vera krevjande når ein vil få til størst mogleg fellesskap blant russen.
– Vi må jo leiga lokale som er store nok til at vi kan samlast alle, og samstundes halda reglane, seier ho.
Alle kjenner alle – på godt og vondt
Frida ser for seg at ho dei neste åra kjem til å reisa vekk for å studera, men at ho endar opp i Kvinnherad til slutt. Ho meiner både det beste og det verste med Kvinnherad er at alle kjenner alle.
– Det er jo ikkje ein stad der du treffer så mange nye folk, meiner den utadvendte jenta – som på den andre sida meiner dette kan vera positivt òg:
– Eg ser jo for meg at det er mykje koselegare å bu i byggefeltet på Valen, der vi kjenner alle naboane, enn å bu i eit byggefelt i ein by, der du ikkje veit kven naboane er, seier ho.
På spørsmål om kva ho saknar mest, er svaret utestader der ungdom kan møtast:
– Det har vi ikkje så mange av. I tillegg er kollektivtrafikken ganske dårleg, meiner ho.
Årets første fest
Russefeiringa i Kvinnherad er organisert med eit hovudstyre med Frida som øvste sjef. Dette består av heile 23 personar, og for å få til ei rimeleg effektiv avvikling av møta har dei organisert seg med ein kjerne på seks til sju personar.
– Så drar vi inn folka i hovudstyret alt etter kva vi skal til med og kven som har ansvaret, seier Frida, som fortel at første punkt på saklista naturleg nok er årets første russefest:
– I desse dagar er det aldri godt å seia korleis ting blir, men eg ser for meg at den første russefesten går av stabelen rundt Halloween, seier årets inkluderande russepresident ved Kvinnherad vidaregåande skule.
Kommentarer til denne saken