«Tjue kilo skjegg» speler på Husnes i kveld

Tjue kilo skjegg er eit ramsalt band med maritimt preg. (Foto: Steffen Morris).

Tjue kilo skjegg er eit ramsalt band med maritimt preg. (Foto: Steffen Morris).

DEL

Tjue Kilo skjegg er en kvartett frå Tananger som speler rock på dialekt. Med mangel på strenge retningslinjer i sjanger, framfører bandet låtar med ankring i alt frå metal til visemusikk, melder uteplassen 5460 på Husnes i ei pressemelding.

Både i klesdrakt og lyrikk ligg det eit maritimt preg over bandet, som gjerne pyntar scena med både garn og gamle teiner. Etter eit langt år i Svartlosen Studio er det no klart for fleire singelslepp i løpet av 2019. Tjue Kilo Skjegg er: Kenny Storegraven (vokal, gitar og tangentar), Remy Dale (trommer), Marius Grønstøl Jellestad (bass) og Richard J. Grønstøl (gitar).

Artikkeltags