Gå til sidens hovedinnhold

Scott endeleg til baroniet

Artikkelen er over 2 år gammel

Fredag kjem Claudia Scott til Baroniet Rosendal.

Ho er av dei mest kjende country- og roots-artistane vi har i landet. Artisten kjem frå Bergen og slo gjennom på 80-talet med gruppa Claudia/Big Hand/Casino.

Scott skal opptre i Riddersalen og gler seg stort til å koma til Rosendal. Ho har sjølv anar frå Rosendal. Oldemora Martha Hatteberg kjem frå Treo rett ved Baroniet Rosendal.

– Eg har framleis masse slekt igjen i Rosendal, og ein del av dei har eg god kontakt med. Det skal bli veldig kjekt å sjå dei igjen, seier Scott.


20 år sidan

På nittitalet spelte Scott i Den Gule Sal eit par gonger, men ho tur det er over 20 år sidan sist ho spelte i baroniet, og gler seg difor storleg til å koma tilbake.
Denne gongen blir det ikkje i Den Gule Sal, men i den nesten heilt nye Riddersalen.

– Det blir spennande, og det ser ut til å vera ein svært fin stad å ha konsert. Eg har vore inne på nett og studert salen nøye, seier Scott til Kvinnheringen.

Konserten i Rosendal er ein del av jubileumsturneen hennar, der ho feirar at ho har halde på i 25 år som soloartist og 35 år som artist.


Fullt band

Med seg til Rosendal har Claudia Scott fullt band, noko ho ikkje har hatt tidlegare i Rosendal.

– Eg kjem til å spela aller mest frå dei to siste platene mine, men det blir òg litt frå den aller første plata eg gav ut.

Scott er blitt ei av dei mest folkekjære artistane i Norge, og har dei seinare åra vore med i ei rekke tv-program.

Når ho sjølv skal beskriva kva ho speler, meiner ho uttrykket Americana passar best.

– Eg kallar det Americana, det er ikkje direkte country, men meir roots-basert. Her vil du finna element av både blues og rock, seier Scott.

Kommentarer til denne saken